DIY: Papiregg

Endelig er påsken her!

Eller er det lov å sei endelig, no når vi alle må være heime og ikkje kan besøke verken familie eller venner? 🤔 Uansett så kjeme påsken, og då kan ein vel gjere det beste ut av det. Det positive oppi det heile er at eg og Vegard får testa heimepåske i Trøndelag, og då må det i alle fall pyntast litt🙂 Eg har ikkje så alt for mykje påskepynt, men dei siste vekene har eg laga litt innhold til påskeavisa på jobben. Bonus: påskepynt i heimen!

Ein av tinga eg har laga er enkle påskeegg av papir! Sjå kor delikat då, og ikkje minst enkelt. Det tar litt tid, siden limet må tørke og slikt, men det er verdt det når det er ferdig! 🙂

 

Du treng:

  • A4-ark eller avis
  • Vatn
  • Decoupage eller potetmjøl
  • Ballong
  • Pensel

 

Slik gjer du:

  • Fyll ein ballong halvfull med vatn og blås den opp til ønska størrelse. Vatnet gjer ballongen stabil når du skal feste papirstrimlene og gir den eit tyngdepunkt når det tørker.
  • Riv opp avisa i biter/strimler og start liminga. Har du ikkje decoupage lim tilgjengelig blander du potetmjøl med vatn, slik at du får du samme lim-effekten. Eg limte papir øve 2-3 lag før eg blei fornøyd med tjukkelsen på egget. Eg lot også limen tørke mellom laga.
  • Når egget er slik du vil ha det, lar du det tørke over natten før du stikke hull på ballongen og fjerner den.
  • Mal i ønska farge og dekorer slik du ønsker.

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg