Sett farge på påskebordet- mal påskeegg!

Pynta påskeegg gjere nåke med stemningen. Heime hos mamma ligge kunstverk i frå heile oppveksten godt lagra i ein eggekartong som blir tatt fram kvar påske. Heldigvis har nåken av egga knust og blitt bytta ut med nye og kanskje litt finare egg(?) etterkvart som eg vaks til. No har vi jo vår første heimepåske her på Ørland i lag, så eg fant ut at vi måtte ha fargerike egg som friska opp ein ellers grå corona-kvardag.😊

 

Du treng:

  • Egg
  • Ein plastboks eller skål til å ha innmaten i egget i
  • Nål eller tegnestift
  • Såpevatn
  • Maling og malekost
  • Fyrstikker eller pinne
  • Tråd

 

Slik gjer du:

  • Stikk hål begge enda av egget med ei nål eller tegnestift. Vær forsiktig så du ikkje knuser egget.
  • Hold fingrane over begge hola og rist godt.
  • Blås inn i det eine holet så kjem egget ut det andre. Pass på at holet ikkje er for lite, så blir det veldig tungt å blåse.
  • Lag litt såpevatn og vask egga både inni og utpå.
  • La egga tørke før dei er klare til å dekorerast. Bruk for eksempel maling eller tusj og slepp kreativiteten laus. Det kan bli litt gris, men det er ein del av sjarmen, er det ikkje?
  • Knekk ein fyrstikk i to og knyt ein tynn tråd på midten av fyrstikka, slik at du får ei løkke.
  • Heng opp egga i ein kvist du finn ute i naturen, fiks ferdig og enkel påskepynt!

Egga kan du oppbevare i ein eggekartong til neste påske 🙂

Eg malte egga einsfarga med litt akrylmaling eg hadde liggande. Det heile kosta med andre 0 kr! Billig og fin påskepynt 🙂

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg