Dobbins Lookout – South Mountain

17. november var vi på vår 3. fjelltur her i Phoenix. Turen gjekk denne gangen til Dobbins Lookout, sør i byen. Dette er ein anbefalt utsiktsplass på TripAdvisor, då ein og kan kjøre bil til toppen. Vi parkerte ved foten av South Mountain, og gikk opp Holbert Trail. 😊 

Enda ein tur med utsikt øve heile byen. På ein klar dag så kan ein faktisk sjå fjella i nord heilt klart. 

SAMSUNG CSC

Denne turen er egentlig perfekt for familie vil eg sei, men amerikanerane meinte at dette ikkje var ein familietur. Er barna vane med å gå på tur i Norske fjell, så er dette ingen  problem. Den startar flatt, før det er jevn stigning heile veien til toppen. Heile veien går ein på brei sti slik som på bildet under, med andre ord ingen problem!😉

Masse fine kaktusar! Dette var visst ein typisk turistplass, så pass på å velg kva dag du skal gå her. Vi var midt i veka, og slapp unna det verste trøkket av turistar som kjører opp. 😊 

SAMSUNG CSC

Faste turvenner 💛

Den faste gengen som pleier å gå på tur ilag! 😊 

SAMSUNG CSC

På toppen av Dobbins Lookout er det eit lite “hus” som blei bygd på 1930-tallet av unge menn i fra byen. Det er vel egentlig ikkje brukt til nåke spesiellt heller.

Maaaange fine kaktusar her og!

Her viser damene kor dei hadde sett ein “Bob Cat” sist dei var på tur her. Han satt i treet og lurte. Ein Bobcat er ei Gaupe, eller det nærmaste vi kjem Gaupe i Norge. Bare at ein bobcat er større en gaupa vi har.. Huff, ein må ikkje tenke på kva som er uti områda rundt her ein gang..

Etter turen gjekk vi å åt lunch på The Farm at South Mountain. Eit stort gårdsområde med fleire cafear og resturantar der dei serverte heimelaga og heimedyrka mat. Fantastisk plass som virkelig kan anbefalast 😊

Ein del av bildene er tatt av Linda 

#phoenix #usa #tur #fjelltur #hike #iviusa #turvenner #utlandet

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg