Crab Island – film!

Så var det tid for ein ny oppdatering fra helga! Kvar gang vi har kjørt til Destin (sentrum 20 min vekke) så kjører vi øve ei bru. Ved siden av denne brua, uti sjøen, har det ofte vært enormt mange båtar som ligg i ro, folk som går i sjøen, hoppeslott, musikk og god stemning. Det er jo klart dette var fristande å få teste ut! John kunne informere om at denne plassen var kalla “Crab Island“. Eg trur nok ikkje plassen blir kalla det fordi det er mykje krabbe der, men pga det er grunt nok til at ein kan stå der.

På lørdag var vi gira på å teste ut denne plassen, einaste hinderet vårt var at ein må ha båt for å komme seg ut der til. Heldigvis har John båt, og han ville være med oss til Crab Island! Det kunne ikkje passe bedre. Lørdagen kom og vi kjørte til Destin, der John plukka oss opp. Då hadde han allerede satt i frå seg 4 stk midt utpå Crab Island, då det ikkje var lov med så mange ombord i båten hans.

DCIM100GOPROGOPR0069.

DCIM100GOPROGOPR0068.

Då vi omsider kom oss bort til området så var det heile egentlig meir eller mindre surrealistisk. 100 vis av båtar låg heilt stilt rundt oss, folk var uti sjøen og kasta ball, dansa, spelte volleyball, drakk og koste seg. Skikkelig god stemning og idyll!

DCIM100GOPROGOPR0080.

DCIM100GOPROGOPR0101.

Vi var på området til det blei overskya og klokka nærma seg solnedgang. Heilt på slutten så måtte vi bare ut på hoppeslottet. Det stengte egentlig kl 17:30, men uten tilsyn så var det gratis og åpent for dei som ville. Fy kor slitsomt det var! Det ser virkelig mykje enklare ut enn kva det er.. Vi er fortsatt stive i nakke, armar, mage og rygg etter akrobatikken som gjekk føre seg der ute :p

DCIM100GOPROGOPR0127.

DCIM100GOPROGOPR0184.

Eg har og forsøkt å klippe sammen ein video fra utflukten. Dette er første videoen eg lager, så håpar den er grei. Har brukt det nye GoPro4 til å filme med, så mulig det er derfor det er litt ustøtt? Anar ikkje. Snurr film! 🙂

Ka syns du? 🙂
#usa #florida #reise #ferie #iviusa #film #youtube
7 kommentarer

Siste innlegg