Snorkling på Navarre Beach – Video av skilpadde

På søndag var det dags for enda ein felles utflukt. Store deler av oss Nordmenna som er her borte tok turen ilag til ei strand som kun låg rett under 30 min vekke i fra oss. Kjetil, ein i følget, hadde vært her for ei lita stund tilbake og dukka, så han anbefalte at vi tok med oss snorkelutstyr. Så etter vi hadde vært på dykkebutikk og kjøpt oss skikkelig snorkel, maske og svømmeføtter vendte vi snuten mot Navarre Beach. Navarre Beach blir kalla Floridas best kept secret, og vi kan jo forsåvidt forstå det. Etter at vi tok av frå hovedveien kjørte vi øve ei bru og kom bort til eit heilt flatt landskap. Det var vel meir eller mindre bare ei stor strand med asfaltert vei på. Sanden var ikkje fullt så fin som på stranda på Officers beach, men den var fortsatt krittkvit.

Vi hadde egentlig sett for oss eit fint kunstig rev med enormt med dyreliv og korrallar på. Men når vi kom der så blei vi faktisk litt skuffa. Det kunstige revet var kun” mange betongklossar som var bygd oppå kvarandre. Her var det då begynna å vokse tang og dyrelivet hadde flytta inn. Det var absolutt fasinerande, men ikkje som vi såg for oss. Det er forsåvidt fire slike rèv rundtom på denne stranda, så vi får ta turen på ein av dei andre ein annan gang. 🙂 Eg såg forresten ei sjøskilpadde, så livet mitt i Florida er snart komplett. Manglar bare å sjå delfin no! Eg fekk den på film og, sjekk nederst i innlegget 🙂

Vi snorkla i fleire timar, uten å bli lei! Vi stakk inn til land når brennmanetene kom… Og Eirik, Vegard og eg klarte sjølvsagt å svømme rett bak den, der den hadde slept ut trådar… Lite behagelig kan ein sei!  Etter eg hadde snorkla etter fisk så snorkla eg etter skjell. Altså, det var så masse fine skjell der! Eg klarte jo sjølvsagt å ta med meg ein liten bærepose, så eg får sjå kva eg skal bruke den til 😉

Vi markerte 11.september ved å kle oss i det Amerikanske flagget. Tenk at det er 15 år sidan allerede.

Eg trur eg må ha meg ein slik parasoll. Altså, så kor kul den er då?

På vei heim kjørte eg og Vegard langs stranda for å sjå om det var nåke spesielt der. Det einaste vi såg var fult i hus som var bygde på stolpar. Det er tydelig at dei er forberedt på at sjøen kan stige og at husa kan stå i fare for å komme under vatn ved ein evt orkan eller tornado. Her er dei i alle fall litt forberedt.

Her er filmen! Håpar de likar den. Det var virkelig ikkje nåke enkelt å filme, svømme og holde pusten samtidig…Så litt uklarhet blir det nok..:p

Takk for turen folkens!

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg