Dette var synet vi våkna opp til lørdag 12.november, etter å ha kjørt inn i Sedona på kveldstid dagen før. For eit fantastisk landskap!! Det Sedona er mest kjent for er desse fjella her. Dei får ein heilt fantastisk nydelig raudfarge når et er soloppgang eller solnedgang. Til vanlig bur det kun 20.000 personar i Sedona, men dei har besøk av rundt 4 millionar turistar kvart år(!), og det er landskapet og turmulighetane folk er på jakt etter!
Vi budde minst i gamlebyen på eit lite motell som heite Star Motel. Det var merken meir eller mindre, men var akkurat det vi trengte for nettene vi var her. Sentralt og ei seng å sove i. Vi var heldige med at vi i heile tatt fekk rom den helga, siden det var langhelg og folk tydeligvis hadde planlagt litt bedre enn oss :p
I Sedona var det mange cowboyar! Vegard og Eirik slo på stortromma å fekk kjøpt seg skikkelige Cowboyhattar og.
Midt i gamlebyen sto det og ein mann som jobba for staten. Han hadde med seg ein haug av slangar og edderkoppar. Jobben hans var å hente desse dyra når folk feks hadde fått dei inn i husa, eller andre plassar ein ikkje ønsker å ha slike kryp. Når eg såg kor snille dyra var, så måtte eg jo sjølvsagt holde på dei. Slangen under her kjentes akkurat ut som ein hageslange.. Ja, typ ein slik som du vasker ute med. Det er ein Kongeboa, kvelerslange, så eg kjente godt når den slynga seg opp over armen og prøvde å komme nedi bh´n min. Då var vi ikkje venner lenger..
Dette er ein “Coral snake”. Det finnes vel to typar (såvidt eg veit), der den eine er giftig, og den andre er ikkje. Dei er veldig like, men det er ein måte å huske på kass som ikkje er farlig. Regla går slik: “Red touches yellow, would kill a fellow. Red touches black, you´re good Jack”. Så denne under her har svarte band mot raud, og då er den ikkje giftig. Blir du bitt av den, så er det ikkje nåke du kjenner spesielt godt heller.
Her fekk eg holdt ein tarantella igjen og. Sist eg holdt ein var vel når eg var 10 år (eller mindre), og følelsen var temmelig lik slik eg huska det! Hårete bein som klyp seg litt fast i huden din, for å ikkje dette av. Den gjekk opp langs armen min, og prøvde å komme inn i jakka mi.
Ja, han fekk pengar. Kun for innsatsen!
Gatene i gamlebyen er beholdt gamle, slik at ein føler ein er i ein westernfilm. Skikkelig stilig arkitektur! Ein får ein skikkelig godfølelse av å gå her.
Sedona er som sagt kjent for turområda sine. Så neste gang vi tar turen opp (ja, vi må faktisk opp igjen) så får vi pakke med oss litt turklær, så vi får oppleve området på den måten og. Det er kun 2 timar kjøring i fra oss, så det går fint an å ta ein dagstur her til!
Vi fekk eit tips om å ta turen opp til flyplassen for å få utsikt over heile byen. Vi er veldig glade for at vi høyrte på det tipset, då flyplassen ligg på ein høg topp. Sjekk den utsikten!!
Eg blir ikkje lei.. Fjell er så fint. Savne virkelig fjella heime!
På toppen av flyplassen med utsikt over Sedona by.
Her hadde vi klatra opp på ein liten haug eit lite stykke nedanfor flyplassen. Det er kun 8 parkeringsplassar der nede, så her skal du være heldig om du får plass. Dette er utsikten andre veien i forhold til bilda over.
– Pink Jeep Tours –
For å få litt meir ut av dagen, enn kun å gå rundt for å sjå, så valgte vi å bestille oss ein Jeep-tur. Det er visst ein av dei største arbeidsplassane i Sedona, det å kjøre turistar rundtom i Jeep. Vi valgte Pink Jeep, som har kjørt turistar i øve 50 år! Vi var veldig fornøyde med turen, og fekk sett landskapet litt på nærare hold.
Fargane
Turen tok rundt to timar, og vi kjørte i eit rimelig okkupert landskap. Eg kan fortsatt ikkje heilt forstå korleis det gjekk bra..
Her har sjåføren vår tatt oss med på ein liten gåtur. Denne hytta eller huset, er ein av plassane i Sedona der det blei laga ulovlig “Moonshine” på 1920-tallet.
Skikkelig “trollsk” bilde
– Solnedgang på flyplassen –
På kvelden tok vi med oss Eirik og Linda for å sjå på solnedgangen på flyplassen. Vi var tydeligvis ikkje dei einaste som hadde tenkt den tanken.. For i motsetting til når eg og Vegard hadde vært der oppe tidligare på dagen, så var det no fleire bussar med Asiatere oppe på utkikkspunktet. Dei er virkelig overalt
Nydelig!
Nåken av fjellbilda er fra Linda sitt kamera