Oppskrift: Sylterull, svinerull, rullepølse. Kjært barn har mange navn..

Eg innsåg egentlig ganske tidlig at denne jula kom til å bli litt annerledes enn når vi er i Norge. Ikkje får eg feire med pappa, ikkje får eg møte alle i familien i juleselskap, ikkje får vi gå på julegraut hos onkel og ikkje får vi julepålegg og sylteflesk av farmor og besto. Det var då egentlig kun ein ting vi kunne gjere, det var å prøve å lage vårt eige julepålegg… Egentlig så hadde verken eg eller Vegard trua på det, men fant ut at vi måtte prøve uansett.

Etter å ha brukt ein halvtime på å oversette alle kryddera fra norsk til engelsk, reiste vi i butikken for å finne ingrediensar. Det første hinderet fekk vi i kjøttdisken, når slaktaren ikkje hadde hørt om buklist eller sylteflesk.. På engelsk heiter det Pork skirtVi forklarte han kva vi skulle bruke det til, og han fant fram eit stort stykke Pork Loin, altså ein ytrefilet, med svor. Vi tenkte at det skada ikkje å prøve, det var jo tross alt gris med svor på. Og jaggu blei det ikkje bra! Så det er faktisk ikkje heilt umulig for oss unge å lage slike pålegg som kun besteforeldre kan😅

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 2 kg buklist eller sylteflesk (Vi brukte ytrefilet)
  • 6 ts salt
  • 2 ts pepper
  • 2 ts malt nellik
  • 1 ts malt allehånde
  • 2 ts malt ingefær
  • 6 ts gelatinpulver
  • Hyssing/ bomullstråd
  • Kjøkkenhåndkle

 

Slik gjer du:

  1. Del kjøttstykket slik at den blir eit stort stykke som heng sammen. Legg svorsida ned på benken. 

SAMSUNG CSC

2. Bland sammen krydderblandinga og gelantinpulver og fordel det jevnt over heile kjøttstykket. Gni det gjerne litt inn i kjøttet.

SAMSUNG CSC

3. Rull sammen kjøttstykket til ei pølse. Start rullinga på motsatt side av svoren, slik at svoren kjem ytterst på pølsa. Husk å rulle pølsa stramt og fast. Knyt deretter godt med hyssing rundt. 

SAMSUNG CSC

4. Rull pølsa i eit kjøkkenhådkle, og surr på nytt hyssing fast rundt. 

SAMSUNG CSC
5. Legg sylterullen i kokande vatn, kok opp og la trekke på 90°C i ca 1 1/2 – 2 timar, avhengig av størrelsen på rullen. 

6. Avkjøl rullen i ca 20 min før du legg den i press. Bruk bare fantasien når det gjeld å legge pølsa i press. Eg brukte ein stor pakke med mjøl++. Auk presset opp til ca 6 kg etterkvart som rullen avkjøles.  La den ligge i press i minst eit døgn. (Vår låg øve helga).

SAMSUNG CSC

7. Er sylterullen litt lite salt, kan den leggast i saltlake i 1-2 døgn. Dette var ikkje nødvendig for oss, då vi syns det var nok krydder på.

SAMSUNG CSC

Og resultatet blei mykje bedre enn forventa! Og ikkje minst blei det godkjent av Vegard. Han var egentlig meir skeptisk enn meg til å begynne med, siden han elskar julepålegget som farmor lagar til dei. Heldigvis var dette ein god erstatting sa han. Så her er det bare komme seg på butikken! 😊

#diy #oppskrift #jul #christmas #svinerull #rullepølse #mat  

4 kommentarer
    1. Flinkere å forberede deg til jul enn meg for å si det sånn! Håper det smaker, og morsom overskrift også! xD ¨
      Har Giveaway på bloggen min! Kanskje du kunne vært interessert? 🙂 Ønsker deg en strålende ettermiddag! Klem <3

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg