Dei siste 2 månadane har vi gått på 4 fjellturar i området rundt Phoenix by. Siste tur før juleferien var ein tur til Camelback mountain, eit fjell som ligg veldig nært bysentrum. Det var då sjølvsagt mykje meir folk i fjellet enn det vi er vane med på dei andre turane, men turen var super uansett. 😊 På denne turen var vi faktisk heile fem Nordmenn med og! Her står vi alle klare for turen!
Opp der skulle vi. Det var ganske bratt enkelte plasser, men det er så deilig å kjenne det svi litt i lår og rumpe! 😅
Nåken plassar var det så bratt at dei hadde sett opp rekkverk til å holde seg i. I Norge så hadde det nok ikkje vært rekkverk på desse plassane, men steinen/berget vi gjekk på var blitt så slipt av alle som hadde gått der at det var faktisk greit med nåke å holde seg i av og til 🙂
Fjellet ligg som sagt nesten midt i byen, slik at det er boligområder rundt heile fjellet.
Pause på veien opp! 😊
By så langt du kan sjå. Det er når du kjem opp i høgden du virkelig får sjå kor stor Phoenix by egentlig er! Det bur jo like mange folk her som det bur i heile Norge…😅
På toppen av fjellet har dei som tradisjon å sette opp eit juletre med pynt på. I helgene står nissen her og deler ut sjokolade til dei besøkande. Kul tradisjon! Burde hatt nåke slikt i Norge og 😉
Heile gjengen! Ein fantastisk gjeng 😊
Her er vi fem nordmenna som ble med på denne turen 😊
Her ser vi ut øve ein bydel som tydeligvis er litt meir velståande enn dei andre. Som du kan sjå er det grønt øve alt!
#iviusa #fjelltur #phoenix #usa #fjell #tur #reise #storby
så ut som en nydelig tur <3