Grand Canyon!

I frå Sedona og nordøve til Grand Canyon kjørte vi igjennom landskap som vi ikkje har sett på ei god stund. Litt forskjell i fra strendene i Florida og kaktusane sør i Arizona.  

Når vi endelig ko fram til porten til Grand Canyon nasjonalpark så måtte vi jo betale inngangspengar. Hadde vi tenkt oss litt om så hadde vi nok parkert den eine bilen i den vetle byen som vi kjørte forbi 5 minutt tidligare, for inngangen til parken kosta 30$(!) per bil!! Enormt dyrt egentlig… Men, vi får satse på at pengane går til ein god sak, så vi smilte og betalte med glede. 😅  Vi parkerte bilen og fulgte strømmen av folk.

SAMSUNG CSC

Altså, for eit landskap! Når vi kom fram mot kanten av gjerdet så kunne vi ikkje heilt tru det. Det såg rett og slett veldig falskt ut.. 🙈  Som om nåken bare hadde klistra opp ein plakat framfor oss. Vi hadde jo sjølvsagt høyrt at Grand Canyon var svært, og hadde jo forberedt oss på det. Men at det skulle være så stort at det ikkje såg ekte ut, det hadde vi ikkje trudd. 

SAMSUNG CSC

Det er så fasinerande å tenke på at denne gropa for mange tusen år siden har vært fylt med vatn. Gropa er over 1600 meter djup, og nederst så kan ein faktisk sjå Coloradoelva som fortsatt renn her. Sprekken er 446 km lang, 50 km lengre enn Trondheim- Oslo i luftlinje! 🙈 Det sett vel ting litt i perspektiv! Med andre ord fekk vi jo sjølvsagt bare opplevd ein liten brøkdel av den.

Etter å ha leita ei stund etter ein fin plass å ta bilder, der vi ikkje fekk 15-20 japanera i bakgrunnen, så fant vi ein liten utstikker litt nedenfor stien. Der slapp vi både folk, tre og slikt som ødelegger bilder. Men ta det med ro folkens, det var ikkje akkurat værre enn ein tur utpå Preikestolen eller Trolltunga. 😏 

🍀 Firkløveren på tur 🍀

Vegard og Eirik kjøpte seg jo cowboyhatt, så vi kom oss ikkje unna posering med den 😅

Søtt lite ekkorn, som sikkert levde bra godt av turistane. 😍

Nydelig landskap, og virkelig verdt turen. Vi var jo og superheldige med været når vi var der. Kun nåken dagar seinare var det overskya og litt trykkande stemning. Hadde virkelig vært kjekt å tatt turen når det er litt snø der oppe, det må virkelig være eit syn! 😊

Tips:

  • Fyll opp bilen, og ikkje kjør to bilar med to personar i kvar bil inn.
  • Prøv å ta turen når det er opplett og gjerne blå himmel.
  • Om du ønsker å ta nåken av bussturane som går langs Grand Canyon, så må du nok komme tidlig og ha heile dagen.
  • Har du mulighet, ta ei overnatting og ta ein fjelltur nedover mot bunnen. Men husk, du skal gå opp igjen og..  Overnatting og fjellturar må nok bestillast i god tid på forhånd. 

Mesteparten av bildene er tatt av Eirik og Linda 😊

#usa #reise #arizona #route66 #travel #iviusa #grandcanyon #canyon #fjell #tur

5 kommentarer

Siste innlegg