Enlgafjell 1200 moh

Kvar sommarferie prøver eg å ha minst ein stortur til fjells. I år var ingen unntak, og eg fekk for meg at eg måtte på den siste toppen i Uskedalen som eg ikkje hadde vært på, nemlig Englafjell. Eg har alltid sett på den toppen som litt umulig å nå uten å måtte gå rett opp ei steinrøys, og det var nok mykje rett i den tanken..

Turen starta øverst på Eik, der vi gjekk innøve mot Flåtene og inn Eikedalen. Når du kjeme inn så tenke du at dette må være ein blindvei, men nei, du må bare klatre.😅

Når ein kjeme opp på toppen av Eikedalen, så går turen rett mot venstre. Går ein til høgre så kjem ein til Manen, eller ned mot Husnesfjella.

Det er vatn å hente heile veien opp til rundt 800-900 m. Etter det er det så og sei kun stein.

Ka då bratt? God vinkel? Veldig bratt. Godt eg ikkje var i kjelleren her då vertfall 😂

På toppen er det heilt flatt. Rett og slett ei stor steinrøys. Til høgre i bildet kan ein sjå Ulvanåso. Der var eg, Marte og Maren på sommartur i 2014.

På veg opp så var vi ikkje heilt sikre på om vi skulle gå ned igjen samme veien. Men når vi kom opp på toppen så var vi veldig sikre på at vi ville gå ned ein anna vei enn den vi gjekk opp😅

Turen gjekk heimøve ned mot Fet. Her var det egentlig til dels dårlig merka med raud T, men så lenge vi ikkje gjekk vidare i frå ein T før vi såg neste så gjekk det bra. Vi kom til dette rare fenomenet som ein kan sjå på bildet til høgre under her. Midt oppå fjellet ligg det store steinrøyser med kvit stein. Egentlig veldig fasinerande, og eg lurer så på kor den kjeme i frå. Kor har isen dradd den med seg i fra liksom. 🤔

Forstår ikkje heilt korleis det er mulig å gå verken opp eller ned her egentlig. 🤷

“En dag skal alt dette bli ditt”

Besto har alltid sagt at Englafjell er eit fjell eg ikkje trenge å gå på. “det kan ikkje være nødvendig”, seier ho, fordi det er så bratt. Og ja, bratt var det, men det ser faktisk 100% verre ut i fra nedsida. Det ser egentlig ikkje ut til at det er mulig å gå her, men det var jo det. Så Besto, dette gjekk heilt fint. At det var bratt på toppen var ingenting å bekymre seg for, det var verre for kroppen i dagane etterpå 😅

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg