Ei dag i New Orleans

Dette innlegget kjeme egentlig veldig forsinka, men det har rett og slett ikkje blitt prioritert før no. Det var mange bilder å gå igjennom, og vekene har vært litt sløve rett og slett. Men her kjem det i alle fall, litt bilder og tekst om dagen vår i New Orleans som turistar! 

Etter ein heidundrande Beyoncé-konsert, og ei god natts søvn, var det tid for å være turistar i New Orleans. Sola strålte og det var ganske trykkande varme for oss som er vane med litt bris.

Vi tok først trikken til Lafayette square. Her var det ikkje mindre enn ein Fried Chicken festival.. Litt typisk Usa kanskje? Her fritere dei virkelig alt som går an å friterast. Etter vi hadde gått forbi kyllingfestivalen gjekk vi ned mot Missisippi. Og med Linda som guide gjekk denne byvandringa smertefritt! 

Her er vi kome oss ned til Missisippi, og den var så skitten og ekkel! Aldri om eg hadde bada der… Det er visst bare leire då, men likevell.. Eg hadde nok sett for meg ei nydelig blå elv eg.. 😅  Denne båten vurderte vi å ta ein tur med, men når vi fekk vete den tok over 2,5 time, så slo vi det i frå oss. Hadde vært kjekt med ein liten times båttur då 😊

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Fine mannen min <3

Her har vi jentene fått oss shaveice, og Linda klarte å få brainfreece. Og eg prøvde å hjelpa ho å få den vekk ved hjelp av alle kjerringrådo eg har for meg 😅

SAMSUNG CSC

Etter vi hadde gått langs Mississippi kom vi fram til Jackson Square.  Jackson Square er ein historisk park som ligg like ved Sain Louis Cathedral, som er den eldste katedralen i Nord Amerika. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Rundt Jackson Square var det ekstremt mange dyktige kunstnera som solgte maleri og fotografi. Det var så mykje fint, men vi kjøpte ingenting.

SAMSUNG CSC

Etter litt turistgåing tok vi turen på Cafe Du Monde. Dette var ein veldig populær café som kun solgte Beignets og drikke. Beignet er som ein blanding av doghnuts og crossaints, dynka i melis. Og ja, franskmenno kategoriserer det faktisk som ein frokost-rett… 

SAMSUNG CSC

Etter Jackson Square gjekk vi opp mot Bourbon Street. Å gå gatelangs i French Quarter er virkelig fasinerande. Gatene og arkitekturen er veldig fasinerande, og minnar ein del om gatene i små franske byar. Men, gatene bærer og preg av lite vedlikehold og røff behandling, då av alle orkanane og stormane som har kome inn øve New Orleans dei siste 10-15 åra. Men absolutt nydelig og fasinerande på ein gang. 

I Bourbon street fant vi oss ein relativt sivilisert bar/restaurant og fekk oss litt mat. Dei solte “big ass beer” då, så vi kunne fortsatt kjenne på at vi var i Bourbon street. 😉

Gumbo, ein tradisjonell rett i Louisiana. 

Om ein ser eit slikt “orkester” gå i gata i Bourbonstreet, så heng på. Det er forventa at folk skal henge seg med og gå dansande bak musikken. Vi gjore det ikkje då, hadde nok med å komme oss heim til hotellet for klesskift 😊

På kvelden fant vi ut at vi ønska nåke litt roligare enn Bourbon strett, så vi tok turen til Frenchmen-street. Her fant vi eit lite marked med lokale kunstnara og artistar, før vi tok turen inn på ein resturant som hadde live jazzmusikk. Dette var egentlig ein heilt perfekt avslutning på turen, og vi hadde virkelig fått opplevd ekstremt mykje på den korte tida vi var der. New Orleans er virkelig ein by som er verdt å besøke, bare for å oppleve heile stemningen som er i byen. Vi kjem nok sikkert til å ta turen igjen til våren.😊

Nåken av bildene er det Linda og Eirik som har tatt 😊

 

#iviusa #nola #usa #reise #ferie #shopping #neworleans #travel #musikk #jazz

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg