Beyoncé var rå! 🎤

Forrige helg var heilt rå! På lørdag kjørte Eirik, Linda, Vegard og eg til New Orleans for å gå på Beyoncé-konsert. New Orleans ligge kun 4 tima vestøve i fra her vi bur, så den turen var heldigvis ikkje så lang som den til Orlando. 😊  Under her ser dåke veien/flytebruo som vi må kjøre over for å komme ned til byen. Den var evig lang! Til høgre ser dåke bilder av sumpområde dei har aligatorturar i. Kanskje det er ein på bildet?  Ellers er det bilde av New Orleans skyline og Superdomen som vi var på konsert i  😊 

Når vi kom fram sjekka vi inn på hotellrommet vårt og gjorde oss klare til å gå ut. Egentlig var planen å ta turen inn til byen før vi skulle heim igjen på hotellrommet for å skifte, men etter at vi hadde stått å venta på ein Streetcar (trikken) i øve 20 min så kom gutane opp med ideen om at vi burde bare gå å skifte til konserten med ein gang. Eg og Linda innsåg jo at det kanskje var litt lurt, då klokka allerede var halv 4 og vi skulle ete før konserten kl halv 8. 

Kl 16:30 trappa eg og Linda opp på pubben ved siden av hotelle for å hente gutane. Dei brukte litt kortare tid på å gjere seg klare enn vi 😜  Vi tok ein Uber inn til sentrum, og sjåføren var ei koselig dame på over 70 år som kjørte Uber som ein ekstra inntekt på dagtid. Veldig hyggelig! Ho kjørte oss heilt til døra av Hard Rock cafe, kor vi satt nåken timar før vi gjekk opp mot konserten. På veien opp til Superdomen var stemningen virkelig til å ta å føle på. Vi gjekk meir eller mindre i eit tog i 15 minutt, før vi til slutt kom fram. Det var så mykje folk i gatene, og ikkje minst så utrulig mange flotte antrekk å sjå! Eller, det var jo sjølvsagt ein god blanding då! 😜

Når QueenB kom på scenen så var stemningen heilt rå! Folk tok heilt av og scenen rista av all hoppinga og dansinga alle folka. Når Beyoncé begynna å synga, så var det rett og slett heilt magisk. Eg fekk frysningar og skal innrømme at eg nesten holdt på å felle ei tåre der eg satt! 🙈 💕   Det som var litt skuffande var at ho nesten ikkje sang nåken av dei gamle sangane… Vi satt jo sjølvsagt å venta og venta på gode gamle hits, men dei kom liksom ikkje så mange av dei.. I ettertid har vi forstått det slik at ho egentlig var på turne med det nye albummet sitt. Altså, det er rimelig spenstig då! Men dessto større ære til ho, då mesteparten av publikum uansett kunne alle tekstane hennar! Opplevelsen i seg sjølv var jo bare heilt rå, og det kjem nok til å sitte i oss i lang tid framøve😊  

Etter ein heilt fantastisk konsert tok vi turen vidare til BourbonStreet igjen, for litt musikk og drinkar før vi tok turen heim igjen til hotellet. Det venta jo ein dag etterpå med mykje gåing! Meir om søndagen kjem i eit anna innlegg 😊 

SAMSUNG CSC

#nola #neworleans #usa #iviusa #utlandet #ferie #reise

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg