Himmelen i flammer

Eg trur det må være nåke med oss Vestlendingar og solnedgang.. Altså, ein skulle jo ikkje tru at vi hadde sett sola før, for når den først kjeme fram og skal gå ned så er det fram med kameraet med ein gang.😅  Søndag var enda ein slik dag, og eg fekk dradd mannen med meg på ein liten utflukt for å ta bilde av kveldens solnedgang.😍

Den var jo ekstra fin i går då, det skal jo seiast. Sjølv om eg egentlig synst det har vært mange fine solnedgangar på Brekstad siden vi flytta opp her. Vi var litt uheldige med at sola var kome alt for langt ned når vi fant den perfekte plassen til bildetaking. For eg love, den solo var større enn nåken gang! Så til neste gang vi skal på utflukt så veit eg i alle fall kor vi skal kjøre til! 😀

Kva syns dåke om bildene? 😊

#utno #yrbilder #fosen #fosenbilder #fosnafolket #solnedgang #natur #sol #trøndelag #bilder #foto #canon 

20 kommentarer

Siste innlegg