Jordbærbonde! 🍓 🍓 🍓

Til bursdagen fekk eg meg seks fine små jordbærplanter.🍓 Kva i alle dagar skulle eg gjere med dei tenkte eg jo først, og såg sikkert litt ut som eit spørsmålstegn der eg stod.😅  Men etter nåken dagar med tenking og planlegging kjørte eg ned på Felleskjøpet å handla inn balje, jord og lekastein. Eg liker å bruke dei store baljane til Felleskjøpet (link) til å plante i, dei er billige og store.😀  Også er det bare til å bygge ein blomsterkasse i tre rundt dei, slik som eg tidligare har gjort HER.

Først borra eg 4-6 hull i bunnen av baljen, så la eg litt greiner/ved nedi bunnen, og deretter lekastein. Lekasteinen la eg oppi ei strømpebukse, slik at den skal være enkel å bruke om igjen om eg skal plante på nytt ved ein seinare anledning. Deretter fylte eg på med god plantejord. 

Så var det bare å plante ned jordbæra, og vente tålmodig til våren kjem. 🙄

No må eg bare huske å vatne dei, og passe på at dei ikkje fryse for gale gjennom vinteren. Eg er nå spent på om dei kjeme til å overleve, og om eg kan kalle med jordbærbonde til våren..😅

#diy #plante #jordbær #hage #mat #økologisk #hobby #kreativ #blomst #blomster #heimelaga #hjemmelaget #gjørdetselv

6 kommentarer

Siste innlegg