Styrk imunforsvaret med ingefærshots

Eg har lenge tenkt på at eg sku ha laga ingefærshots til å ha i kjøleskapet. Det er jo så oppkvikkande, og ikkje minst bra for kroppen, med ein liten shot kvar morgon før jobb.😊  Også har det sjølvsagt går litt i glømmeboka, slikt som mykje gjer.. Men, forrige veke fekk hadde sjefen med seg heimebrygga ingefærte til oss, og då kom eg jo på kor godt det er med ingefær og måtte rett og slett komme meg på butikken å handle inn. Dessuten går vi jo hausten i møte, og vi har jo ikkje akkurat lyst å ligge sjuke 😏

Det eg har brukt er: 1 liter vatn , safta frå ei sitron og ei håndfull opphakka frisk ingefær.

Eg satte alt på kok, og lot det stå å trekke i vel 2 timar. Jo lengre det får stå å kose seg, jo meir smak vil ingefæren gi i frå seg. Eg måtte etterfylle med vatn etterkvart, sjølv om eg lot det trekke med lokk på panna.  Deretter helte eg alt over på ei tom glasflaske, fylte opp med vatn og satte det kjølig. Drikken skal kunne stå i kjøleskapet i vel 1 mnd, men drikk den heller opp og lag ein ny. 😊

Det smakar sterkt og godt, og eg kan nesten kjenne at eg blir friskare av dette 😎  V var ikkje så veldig imponert over dette “heksebrygget” mitt, men eg klarte å få det i han to ganger før han satt seg på bakbeina… Men eg syns det er så godt at eg til og med har blanda det ut som saft og drukke det som tørstedrikk.😅  Neste gang trur eg at eg skal ha meir ingefær i og, kan vel aldri bli for mykje av det gode? 😄 

#heimelaga #shot #diy #oppskrift #ingefær #sitron #mat #drikke #reise #kvalme #gravid

    28 kommentarer

    Siste innlegg