Endelig er eg i Bodø igjen! Eller endelig og endelig.. Einaste grunnen til at eg faktisk vil vera her er fordi Vegard må jobba. Eg er her på ubestemt tid, nåke som betyr at eg ikkje har bestillt billett heim igjen enda!:D Ellers så blei kofferten min ødelagt på veien opp, så eg skal heldigvis gå på senteret og få meg ny! Elskar den type kundebehandling!
Dagen idag starta med eit brak, eller fleire brak. Eg bur jo inne på leir når eg er her og kl 09:00 raste det fem F16 rett over kasserna eg bur i. Vegard hadde advart meg på lyden, men at det skulle være så gale hadde eg ikkje trudd! Og siden det er slik kvar dag, med jagerfly som lettar kvar time så er eg vel meir forberedt i morgon. Sjølv om eg er innesperra på leir så kjeme eg nok til å ha det ganske greit her, og får nok gjort mykje skulearbeid! I heile dag har eg jobba med å reinskrive dybdeinterjua vi hadde på Fædrelandsvennen på tirsdag, og skal snart ta fatt på ei eksamensoppgave.
Hardt liv som student!
Eg bur i ei sånn…:
Men no ventar eg Vegard inn dørene om få minutt, då er det tid for middag og trening!
Så bra hvis du fikk erstatning til ny koffert da :)Kjedelig med sånt bråk da …. Kose deg med middag og trening i dag der oppe i Bodø :))