Dag nummer tre på Oahu leigde vi oss ein bil for tre dagar. Og når vi først skulle ha ein leigebil, så blei det sjølvsagt ein cabriolet. Sjukt digg å kunne cruise langs kysten med håret blafrande i vinden. Det var nett som på film var det
Spitting Cave:
Første stopp på kjøreturen var Spitting Cave. Dette området heilt sør/aust på Oahu var omtalt, av ei på Tripadvisor,som den finaste og mest oppsiktsvekkande plassen på heile øya. Vel… Greit nok det var klipper, langt ned til sjøen og store bølger. Men finaste plassen på øya? Er ikkje alt vi Nordmenn kan forstå. Vi er vel vane med litt dramatisk natur, så eg kan ikkje akkurat sei meg enig i den uttalelsen.
Det var jo ganske kult å sjå laga i fjellet, og korleis sjøen har “jobba” med fjellet i fleire år. Og at plassen heite “spitting cave”, vel vi såg ikkje nåke til det.. Mulig det var fjære? Fint område då! Og egentlig ein rolig plass å ligge å slikke sol på svaberget
Vegard måtte jo kjøpe seg ei blodharry Hawaiiskjorte og. Det er vel obligatorisk når ein er på øya?
Hanauma Bay:
Vidare kjørte vi til Hanauma Bay, ei bukt som det er heilt enormt mykje naturlig rev i. Stranda er jo ganske populer for turistar, og har faktisk eit år hatt over 3 millionar besøkande! Det er jo galskap.. Så for å klare å bevare og ta vare på dyrelivet tar dei inngangspengar for å komme inn. Ein må og igjennom ein informajsonsfilm før ein får lov å gå ned til bukta. Det ikkje var så mykje folk når vi var der. “Heldigvis” var det delvis overskya og, slik at vi ikkje blei nåke solbrente der vi låg å duppa i sjøen i 2 timar med rumpa i været.
Her kan ein sjå revet litt tydligare. Området var stort! Vi svømte ikkje så langt utøve då, klarte oss meir enn nok inne på grunna. Ingen grunn til å utfordre skjebnen, det er tross alt hai i stillehavet og
Litt av dyrelivet
Vi filma masse når vi var her, så eg skal sjå om eg klarer å sette sammen ein liten filmsnutt frå alle dei forskjellige fiskane vi såg
Halona cove og Halona Blow Hole:
Halona cove er ei lita privat strand ein kunne klatre ned til. Den var vel ikkje så veldig privat lenger, når så mange har funne fram til den. Det er dessverre slik det er på mange av dei “gjemte” strendene her. Dei er alle funne, delt på internett, og blitt nye turistatraksjonar.. Ikkje løye dei lokale ønsker å holde dei skikkelig hemmelige og gode plassene for seg sjølv! Halona Blow hole var vell ei hule som det skulle sprute vatn ut av, men eg kan ikkje sei det var mykje som kom. Den ligg ytterst til bilde til venstre, der du kan skimte nåken folk og. Utsikten utover her var forresten veldig fin. Er du heldig kan du sjå kval!
Det mest fasinerande med heile øya må vel kanskje være naturen. Fjella var heilt utrulige. Så ekstremt dramatiske. Skulle ønske vi kunne tatt ein tur innover i fjella/regnskogen, men det blei med tanken. Trur ikkje det hadde vært så spennande å gått inn der aleine heller
Lanaikai beach:
Dette må nok ha vært den finaste stranda på heile øya. Den ligge inni eit boligområde, så det er ikkje mykje til parkering her. Kan anbefale å parkere på Kailua beach park, og heller gå dei 5-10 minuttane bort til stranda. Kvit sand og turkisblått hav var absolutt fristande, men planen vår var kun ein liten stopp.
Det blåste opp etterkvart, så eg er gla vi droppa å bade her. Generelt sett var ikkje været det beste på turen vår, sjølv om vi ikkje skal klage på 25 grader og delvis øveskya. Ja, eg veit, vi er blitt litt bortskjemte med fint vær etter å ha budd i Florida og Arizona det siste året Så siden vi har så fint vær “heime”, så gjorde det oss ikkje nåke at vi ikkje hadde knall blå himmel og sol kvart dag. Vi får liksom nok av det heime
Ein liten fin krabat
#hawaii #oahu #usa #reise #reiser #travel #iviusa #reiseblogg #ferie #syden #dykke #dykking #snorkling #snorkle
fine bilder:)
Så fin gjennomgang av places to see på Hawaii
Kjempe flotte bilder!! Åh, jeg elsker bilen <3
Kjempe fine bilder
Henriette: Ja, det var det som var planen
Mulig nåken skal på tur og finner hjelp i bloggen min 
liveterherlig93: Takk
Victoria Larsen: Ja, bilen var ein drøm
Iselin Renée: Takk :*