Til ein av årets største happeninger her i USA, nemlig Super Bowl, så laga eg innbakte minicalzone til å ta med på festen. vi var ein liten gjeng som var samla hos Linda og Eirik for anledningen.😄 Denne oppskrifta blei veldig sånn ca.. Eg fant oppskrifta på ei amerikansk side og siden vi ikkje bruker samme måleenhet, kan det bli litt forskjell. Men eg har prøvd å oversette så godt eg kan. Legg du godviljen til kan du sjå at dei skal ligne på ein amerikansk fotball og!😉
Du treng:
- 0,5 dl Philadelphia
- 0,5 dl Hot chili sauce. Ta gjerne ein som er litt spicy, då den blir temma ned med kremosten.
- 3 dl strimla kylling
- 1,5 dl revet kvitost
- 16 sirklar butterdeig eller vanlig pizzadeig. Kutt ut ved bruk av eit stort vinglas.
Slik går du fram:
- Sett steikeovnen på 180 grader, eller den temperaturen du treng til deigen.
- Bland kremost og hotsauce jevnt sammen. Tilsett strimla kylling og revet ost, bland godt.
- Stikk ut rundinger av deigen, tilsett ei ss kyllingrøre på kvar av rundingane og brett i to. Slik at det blir ein halvmåne.
- Bruk gaffelen til å “lukke” rundt kantane.
- Kutt ein bein kant ved å bruke eit pizzahjul.
- Legg på bakebrett, pensle med vispa egg og mjelk.
- Steikes i 16-19 min midt i ovnenen til dei er gyldne.
- Bland litt kremost og mjelk sammen, slik at det er mulig å presse ut av ein pose. Legg blandinga i ein sprøytepose og tegn opp mønster.
Serveres varme eller kalde med hotsauce og ranch dip. Du kan og tilsette meir hotsaus, om du likar den veldig spicy. Det er bare å prøve seg fram!
HER kan du finne den originale oppskrifta, om du skal befinne deg utanfor Norges landegrenser 🙂
#oppskrift #mat #tapas #middag #calzone #fingermat #matprat #studentmat #enkelmiddag #nrkmat
disse så gode ut:)
Ser jo kjempe godt ut! 😀
Det så veldig godt ut 🙂
Så gode de så ut! 🙂
Åå, det så veldig, veldig godt ut <3
så godt ut 🙂
Du er så kreativ, Ida! 🙂
nr73: Takk for det snille! 🙂 Men kan nok ikkje skryte på meg denne ideen heilt sjølv :p
Charlotte: Veldig gode! Også kan ein bare variere innholdet etter eige ønske 🙂
TINANNA: Kan anbefales ja 🙂
elisebr: Det var dei og 🙂
Iselin Renée: Kan anbefales 😀
Victoria Larsen: Bare å teste ut 😀
liveterherlig93: Det var dei absolutt! Bare litt grisete å lage :p