Kristiansandtur og babyshower

I midten av november fekk eg meg ein kjapp helgetur til Kristiansand. Det var laga i stand babyshower for Mona! Mona er ei veninne i fra studietida som eg han masse med, egentlig kvar einaste dag når vi gjekk på skulen. Så kjekt at vi fortsatt har kontakt 🙂 Uansett, eg kom til Kristiansand på fredags morgon og tok bussen ned til sentrum. Ser fekk eg gått ein del å sjå i gatene (ingenting er finare enn Kristiansand til jul), sett litt i butikkar og luncha med ei tidligare jobbkollega. Så kjekt å få møtes igjen å bare sitte å snakke i timarsvis!

Julebyen Kristiansand er pynta så til de grader. Eg glømte sjølvsagt å ta bilder av torget, og eg var alt for tidlig til å få med meg lysshowet som i år skulle gå på fasaden til domkirka. Verdt å få med seg om ein er i Kristiansand i desember! Fredagskvelden var eg på overnatting hos Camilla, ei som var i USA samtidig som meg. Vi både spiste, drakk og snakka nok for heile helga den kvelden, så koselig!

Lørdagen blei det klart for babyshower! Og Mona, ho ante ingenting. Og i alle fall ikkje når ho plutselig såg meg, då måtte vi bare hoppe i armane på kvarandre og grine ein liten skvett :p

Dei ventar ei jente no i desember/januar, så eg måtte jo strikke nåke lite til lille babyen. Det blei ei Willums selebukse i deilig merinoull. Har lest at den skal være så godt for småtroll å bevege seg i. Eg fant og heilt tilfeldig verdens finaste body på Newbie-butikken, den passa jo heilt perfekt! Var det ikkje søtt ilag? 😀 Jenter må ikkje alltid ha rosa veit du 😉

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg