Trondheimstur

I helga var vi på nok ein Trondheimstur. Denne gangen reiste eg inn på torsdagen, på jobbsamling til fredag, før Vegard, Tone og Andreas kom over for helga. Trondheim viste seg i frå si beste side, bare sjå kva eg våkna til på fredags morgon då! Utsikten frå hotellrommet.

Torsdagen var det først faglig samling før vi gjekk over til sosialt. Vi var på Trondheim Camping og spelte minigolf. Nei, det er ikkje ein campingplass slik som fleire av oss trudde, det er ein uteplass/bar der ein kan spele minigolf og være sosial ilag. Supert konsept, kjem nok til å gå tilbake hit! 🙂 

Etter minigolfen for vi på Graffi Solsiden. Og igjen så svarte maten til forventningane. Og viss du ser under her så har vi virkelig ete mykje god mat i helga, godt det er lenge til neste gang!

Foruten å ha ete mykje god mat så har vi gått ein heil del i byen. Ein av grunnane til at vi reiste inn denne helga var at det blei arrangert Whiskey-festival, nåke som mannane gjerne ville gå på. Eg og Tone var ikkje så vanskelige å be når vi innsåg at det var Toilldaga i Midtbyen samme dagen. Det var heldigvis ikkje så enormt mykje folk i byen, men på senteret Trondheim Torg var det krise.. Hørte og at folk hadde stått i kø frå kl 06 om morgonen. SÅ desperat etter tilbud var ikkje vi, så vi handla vel egentlig bare det som ikkje var på tilbud..Typisk eller kva..?

 Nok ei fin helg i bartebyen! Trudde jo egentlig at vi skulle reise litt oftare inn til byen enn vi gjere, men desto kjekkare dei gangene vi gjere det 🙂 Og spesielt ilag med andre!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg