Ja, det er heilt sant.😁 Og det skjedde på ein måte så fort at vi nesten ikkje har fått summa oss enda.
Vi var på første visning 18. mars, la inn bud 25. mars og 27. mars hadde vi kjøpt bolig og 12.april overtok vi😅 Så her gjekk det virkelig fort i svingane kan ein sei.
Det er eit ende-rekkehus med seks enheter, der vi kjenner 3 av 5 av dei andre som bur her. Det var nok nesten hovedgrunnen til at vi valgte denne boligen. Hadde nok aldri kjøpt rekkehus om vi ikkje visste kven naboene var! 😊 Boligen er i frå 2015, så vi trenge jo absolutt ikkje gjere nåke som helst med den. Det er så deilig å ikkje flytte inn i eit oppussingsobjekt (sjølv om eg ein dag har veldig lyst til det og🙈).
Vi har vært så mykje på farten i det siste at vi ikkje har fått budd oss skikkelig inn enda. Ting er fortsatt litt kaos (i 2. etasje),men det skal vel ta litt tid? No gler vi oss bare til å nyte sommaren i det nye huset. Litt småprosjekt her og der kjem vi nok og til å holde på med, men vi har heldigvis god tid! No skal det nytes! 😊
Gratulera så masse Ida! Ser kjempeflott ut!
Takk for det Anette 🙂