Heimelaga müsli

Har lenge hatt lyst å laga heimelaga müsli, men det har liksom aldri blitt. Har sett for meg at det er så mykje styr for så lite.. Men så feil kan ein ta! Det tok ikkje meir enn 30 minutt inkludert steiketid å lage denne fantiastisk gode og enkle müslien! Alt du treng er:

5 dl havregryn

1 dl linfrø

1 dl gresskarkjerne

1 dl sesamfrø

1dl kokkosmasse

Grovhakka mandlar

Kanel og kardemomme (mykje)

Rosiner og tørka aprikos (blandast inn etter steiking)

3 ss honning

3 ss kokkosolje

 

1. Sett ovnen på 175 grader

2. Bland alt det tørre med hakka mandlar. Ha i kanel og kardemomme. Eg hadde mykje i, men neste gang trur eg at eg må ta i meir kanel. Det er jo så godt!

3. Smelt kokkosolje og honning, ilag, på svak varme

4. Legg bakepapir på ei langplanne, og fordel musliblandinga utover. Hell kokosolje og honningen over og bland godt med ein slikkepott.

5. Steik midt i ovnen på 175 grader i ca 15-20 min avhengig av ovn. Husk å rør underveis i steikinga, slik at alt blir steikt, ikkje berre det på toppen. Pass på steiketida, den kan fort bli svidd. 

6. Avkjøl godt før du tilsett rosiner osv og oppbevar i ein tett boks eller ei krukke

Neste gang eg skal laga musli skal eg ha fleire større bitar oppi, som solsikkekjerner og meir mandlar.  Denne gangen blei alt litt smått og “pulverisert”. 

Her er dagens frokost med biola og ein veldig godkjent müsli!

Hygge is a feeling you cannot translate

Det er alltid kjekt å kjøpa inn litt nytt til leiligheten, den blir med eit ny og frisk! Bare sjå kor søte lyshus eg fant på Søstrene Grene! Eg fekk litt julefølelse av dei.:) 

Svibel i Wik og Walsøe skålo mi, det betyr at jula snart nærmar seg 🙂

No skal eg på jobb på Palma. Skal prøve å ikkje handle noko der, men det er søren meg ikkje lett med så mange fine ting som fristar!

Veke 46

Da var eg endelig tilbake i Kristiansand etter 12 dagar på reisefot. Vegard hadde rydda og gjort da så fint til eg kom heim 🙂 Imorgon skal eg starte i ny jobb, så det blir ein del jobbing denne veka. Komme nok godt med i desember det! Ellers så er det blitt skikkelig vinterkaldt her i Kristiansand, og eg har måtta funne fram oljeovnen idag.  Grue meg til vinteren kjeme for fullt, og det frys på vinduene.. huff…

Oslove høst <3

Ein skikkelig haustdag i Oslo!

Image and video hosting by TinyPic

Heime!

Endelig er eg heime i Rosendal og Uskedal! Har ikkje vært heime siden sommarferien.. Det er alt for lenge i frå superVilde<3 Ho kom springande mot meg når eg kom heim *smelt*!

Sjå kor fint vi har det i Rosendal<3


Når det er så lenge siden eg har vært heime er det mykje som skal rekkast øve på kort tid! Tannlege, frisør, besøk osv osv…For å rekka alt har eg stått opp tidligare enn eg pleier i Kristiansand. Blir godt å komma heim igjen til jul 🙂

Hausfargar!

Sjå alle dei fine fargane! Hausten er kome til Kristiansand, håpe den blir ei stund før snøen kjeme. I helga har vi hatt besøk og kost oss masse! Eg og Mari Ann har vært på shopping mens guttane såg fotball, og vi har vært ute å ete ein nydelig biff på Slakter Sørensen 🙂 Trur eg og Vegard må bli flinkare til å gå ut å eta, sjølv om det kostar litt. Er jo så koselig 🙂

Sjå så flotte fargar!

Herlig middag 😀

I morgon reiser eg til Oslo for helga, før eg reiser vidare heim til fine Kvinnherad på mandag! <3

Ny sminke: INGLOT

På Torsdag åpna nye Sørlandssenteret her i Kristiansand. Det er faktisk blitt Norges største kjøpesenter, og det forstår eg godt. Er ekstremt stort, og ein kan lett gå seg vill der.. Det var jo sjølvsagt heilt kaos der oppe, med ekstremt med mennesker. Eg sjønner ikkje kor alle folka kommer i fra.. Men det positive med åpningsfest er mange nye butikkar og mange gode tilbud 😀 Eg handla ikkje så masse, bare ting eg trengte *kremt*.. Er komt ein ganske billig sminkebutikk der som heiter INGLOT, altså for ein sminkehimmel! Kvalitetssminke til ein grei pris for ei studentlommebok 🙂

Matte øyenskyggar og pudder! -50% = pengar spart 😉

 

Ny jobb!

Yes! Dette var ein av hemlighetane eg hadde denne veka. Var i intervju forrige veke og fekk svar idag om at dei veldig gjerne ville ha meg på laget i nyåpna butikk på Sørlandssentert! Endelig skal eg få lov å jobba med salg av interiør igjen. Ikkje bare “vanlig” interiør, men interiør med kvalitet og særpreg. Fra Palma Collection reiser Palmadamene for eksempel til India og finner fram unike varer som er heilt unike! Blir vel eit problem at lønna vil gå til interiør no..

Butikken vil føre varer fra Palma collection, Ceannis, Affari, Mateus, Ygg og lyng og Savone de Marseille.

Glede meg sånn til å starta i ny fin butikk 😀

http://www.palma.no/   http://palmabutikk.no/

Skappelgenser

Endelig klart for nytt strikkeprosjekt for meg, min tolmodighet og lommeboka! I tillegg til at Dropsgarn er biligare enn “orginalgarnet” til Skappelgenser er det og på 25% ut året! Og siden mamma har kidnappa genseren eg strikka i fjor fant eg ingen anna utvei enn å laga ny 🙂 Valgte ein kvit/ kremfarge, brukande til alt! 

Her er genseren eg laga i fjor, med litt hjelp fra mamma 🙂 Den meir gyllen fargen enn den eg har starta på no.

Lure på kor lang tid det tar å strikka den ferdig! Vi jo helst gå med den no 🙂

#skappelgenser #DIY #strikk #strikking