Hjort er hjort!

Lurer du på ka du skal ha til middag i kveld, ja då kan du bare slutte å lure.. Sjekk det kjøttet her då!  *smeltar på tunga*

No gjere vi klart til eit heidundrande julebord i morgon. Vi har invitert ein haug av venner på pinnekjøtt, som Vegard skal stå for. Det blir så koselig! Ha ein god fredagskveld <3

Du treng:

  • Eit godt kjøttstykke
  • Løk
  • Bacon
  • Rosenkål 
  • Fløyte
  • Salt og Pepper

 

Slik gjer du: 

  • Forvarm steikeovnen til 180 grader.
  • Salte og pepre kjøttet og fres det på høg varme i ca 1 min på kvar side, til det får ei fin skorpe.
  • Legg kjøttet i ildfast form og sett midt i steikeovnen i ca 25-35 min. Ta det ut og sjekk fargen på det etter 25 min.
  • Steik løk og bacon godt. Tilsett litt fløyte før servering, og varm opp.
  • Hiv rosenkålen i fosskokande vatn rett før servering. La den koke i 1-2 min. 
  • La kjøttet kvile litt etter du har tatt det ut. Skjær opp i fine stykker.

Voila!

#middag #tips #godtno #hjort #matprat #middagstips

26 kommentarer

Siste innlegg