Nyttårsaften i Las Vegas!

Nyttårshelga reiste eg, Vegard og Martin på tur til Las Vegas. Skikkelig klare for ei heidundrande feiring inn i 2017! Turen i fra Phoenix til Vegas var rimelig langdryg gjennom milevis med ørken så langt ein kan sjå… Det er fint då, men i så mange timar så kan det fort bli nok 😅

Første kvelden måtte vi finne oss nåke å ete dør vi skulle vidare på stand up. Vi valgte kanskje ein enkel løysning ved å ta turen på Bubba Gump, men ingen av oss hadde ete der før så då blei det det. 😊

Bubba gump er jo ein resturant som speler på filmen ‘Forrest Gump’. Så her sitte Vegard på den berømte benken med sjokoladeeska ved siden av ☺🙈

Maten var absolutt god den! Kan anbefalast ein tur innom der om ein er ute etter reker og sjømat.

Seinare på kvelden var vi på stand up. Han fyren på bildet over er visst ganske kjent, men heilt ærlig så var oppvarmerane hans bedre enn han.. Det virka som om han visste han var god, og derfor blei det bare flaut 🙈

Etter stand up tok vi taxi tilbake til hotellet. Der venta Audun på oss, ein av dei andre fra gruppa vår i Phoenix. Han hadde lagt kone og barn, og var klar for å gamble litt! 👌

Etter at Vegard og Audun hadde tapt alt dei hadde satsa så meinte dei at vi kunne ta kveld. Eg var enig, men først ville eg bruke dei 7 dollarane eg hadde i lomma på maskinane. 😅  Og trur dåke ikkje eg vant? Haha.. siste runden på eit hundespill, så hagla dollarane på skjermen. Eg kunne gå fornøyd å legge meg den kvelden! 😉

Alt er så overpynta til jul her borte! Dette er inne på Caesars Palace, og det bare i lobbyen!! Isbjørnane på bildet under er laga av ferske roser.. På bare den eine er det brukt over 24.000 stk!!! Det er heilt sjukt.. Og desse blir sjølvsagt vatna og evt bytta ut kvar dag.. Altså, det er jo stilig og fint då, men…

Nyttårsafta hadde vi ikkje nåken større plan enn at Vegard og Martin hadde bestilt bord å ein Italiensk resturant kalla ‘Trevi’. Eg blei jo litt skeptisk når det sto at vi hadde bord ute, og tenkte det kom til å bli rimelig kaldt.. 😣

Kulde var jo ingen problem, for resturanten låg jo inne på eit senter som låg rett i tilknytting til Cæsars Palace. 😊 På bildet over er resturanten. Rimelig magisk med den malte himmelen!

2016’s siste måltid blei faktisk fisk! Og det er kanskje den beste fisken eg har smakt. Alle dei gode smakane!😍 Vi var alle enige om at det var den beste retten på bordet. 😉😊

Forran Trevifontenen 😅😙

Dei hadde sperra av The Strip, hovedgata, for anledningen. Dei venta at 300.000 mennesker skulle ta turen til Vegas denne kvelden! 🙈  Etter resturantbesøket for vi rundt på barane inne på Cæsars Palace, og når klokka slo 12 trekte alle seg ut i gata for å få med seg fyrverkeriet. Det var ganske stilig! Her skøyt dei opp fyrverkeri i fra taket på 7 av dei store hotella som låg langs The Strip. Etter det eg hørte så var det ingen fyrverkeri “heime” i Phoenix, så bare det gjorde at eg var happy! 😀

Feiring i Vegas er virkelig ikkje nåke om du tenker ein tur på budgett, men for ein opplevelse det var! 😀  Eg kan innrømme det at eg var veldig skeptisk før vi reiste opp, men når vi kjørte heim igjen så var eg veldig fornøyd med turen, og følte virkelig det var verdt opplevelsen. 

#reise #usa #iviusa #travel #utlandet #nyttår #jul #ferie #vegas #lasvegas

10 kommentarer

Siste innlegg