DIY: Valentine krans

Valentine er rett rundt hjørnet, og i den forbindelse så hadde vi ein “crafting night” på basen med samme tema. Dørkrans er virkelig nåke som er populært her borte i USA, då dei byttar ut kransane for kvar anledning dei finn. Det er nye kransar for haust, halloween, jul, valentine, St.Patrick osv osv. Veldig fasinerande egentlig, at dei tar kvar “høgtid” så seriøst.. Men, no over til korleis du kan lage denne enkle og fluffy hjertekransen på bildet under her!😊

Du treng:

  • Isopor hjerteform. 
  • 1-2 meter filt. Avhengig av kor tett kransen skal bli
  • Mange stoppenåler. Eg hadde ein pakke med 300 stk.
  • Saks
  • Blyant 
  • Pappsirkel til mal. 5-7 cm i diameter

Begynn med å tegne sirklar på filten med blyant. Brukar du tusj så blir kantane så markerte, og det kan vise når du har klipt. Eit tips er å brette filten i to, slik at du kan klippe ut to og to sirklar om gangen. Dette tar tid, men klipp så beint som mulig. Resultatet blir deretter.😊

Brett sirkelen først i to ein gang, og deretter ein gang til. Fest ei stoppenål på tuppen og stikk i hjertet. Fortsett slik til heile kransen er dekka. Eg måtte dandere litt når heile kransen var dekka, for å få eit jevnt resultat.😊

Det var eit veldig tidskrevande arbeid, og eg trur vi brukte 3-4 timar på denne kransen. Eg jobbar relativt raskt, så eg rakk å dekke heile kransen, mens mange av dei andre damene bare tok framsida, då dei uansett skulle henge den opp. 😊

#diy #krans #hjemmelaget #heimelaga #gjørdetselv #kreativ #kreativitet #valentine #hjerte #filt #tips #hobby #byidarossland

20 kommentarer

Siste innlegg