Vi er på HAWAII 🙈 🌴 ☀️️

Ja, det er heilt sant!🌴☀️️ Eg har overraska Vegard med ein ferietur til Oahu, hovedøya på Hawai’i.🙈  Fram til torsdag ettermiddag så trudde han at han skulle på jobb idag, fredag. Eg ville fortsatt ikkje sei nåke til han før vi kom på flyplassen på fredag. Han var skråsikker på at vi skulle til Seattle eller Houston, og at det kun var ei langhelg😅. Han hadde faktisk ingen aning om at vi skulle til Hawai’i, så det var veldig gøy å overraske han med det! 😀

SAMSUNG CSC

Waikiki beach!

SAMSUNG CSC

No ligge vi på Hotellet som ligg midt på Waikiki beach, og det er bare heilt fantastisk! Rommet er nyoppussa, og sjølv om vi kun hadde bestilt med delvis sjøutsikt, så vil eg virkelig sei at vi fekk god utsikt fra balkongen vår. Vi ankom Oahu i 12-13 tida idag, etter ikkje mindre enn 7 timar direktefly frå fastlandet. Hawaii er virkelig midt ute i ingenmannsland altså!😅

Etter at vi hadde sjekka inn tok vi ein gåtur langs området her. Vi fant Cheese Cake Factory, ein populær kjederesturant som vi har planlagt å teste ut fleire ganger tidligare, men på grunn av konstant lang kø så har vi droppa det. Denne gangen var det ikkje kø, og det var eg virkelig glad for når vi såg menyen. Søren så mykje godt! Kan virkelig anbefales ja 😊

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Og eit lite stykke med dei berømte ostekakene måtte vi ta med oss til hotellet og. Yum! Godt da ikkje er ferie kvar dag..🙈

SAMSUNG CSC

Surfebrett over alt! Blir kjekt å sjå aktiviteten på dei andre strendene rundt her 🌴

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Så no gler vi oss bare til dagane vidare her på Oahu, og satsar på å få opplevd litt forskjellig av det denne øya har å by på. Kom gjerne med tips, om du har nåken på lur! 💞

SAMSUNG CSC

#iviusa #hawaii #oahu #honolulu #waikiki #usa #reise #travel #hawai #surfing #strand #syden

22 kommentarer

Siste innlegg