🏈 Amerikansk Fotballkamp- NFL 🏈

Den 4.desember var siste heimekamp, og vår siste mulighet for å få med oss ein stor NFL kamp her i USA. Amerikansk fotball er liksom det virkelig STORE  av alle idrettane her borte, egentlig litt som ski heime, bare 1000 gangar større 🙈

Sesongen blei avslutta med New Orleans Saints mot Phoenix Cardinals! Denne kampen skulle egentlig mamma og Harald ha vært med på, men på grunn av evig lange forsinkelsar i London osv, så kom dei ikkje til Phoenix før mandagen. Uansett, så var eg, Vegard, Linda og Eirik (dei samme 4 som alltid er på tur ilag😅)  klare for å sjå kamp. Vi hadde til og med kjøpt oss like Cardinals drakter, i nummer 11. For min del passa jo det bra då mitt nummer på forballbanen når eg var på jentelaget var 11, men vi valgte det vel fordi det var den mest kjente spelaren, Fitzgerald.

Kvar søndag er det kampdag / gameday. 🏈 Då samlast det hundrevis av folk på parkeringsplassen og ein stor grasplen ved siden av stadionen, også har dei party. Dei kjeme der rundt 9 om morgonen og grillar, drikk, dansar og kosar seg til langt etter kampslutt. Det er ikkje alle som har billettar til kampen, men det gjer jo absolutt ikkje nåke når dei til og med tar med seg ein eige flatskjerm til denne festen. Heile dette opplegget kallar dei for “tailgating” her i usa. Eg trur det kjem av at dei lagar mat på lasteplanen på bilane før.

Alder var ingen hinder her. HEr var det alt i fra spedbarn med hørselsvern, ungar som sprang rundt å leika til gamle som gjekk rundt med stokk.. FOR EIT LIV 😃

Denne gjengen her stod for underholdningen både ute på plenen og inne på stadionen under pausen. Dei var råflinke!

Stor scene hadde dei og sjølvsagt..Med liveband som spelte musikk, i alle fall så lenge vi var der!

Åpningsshowet var stort, slik som alt anna er her. Vi satt nesten heilt øverst på tribunen og kunne kjenne varmen i fra flammekastarane godt!

Cheerleaderane hade kledd seg i nissedrakter og dansa til julesangar i pausen. Det er så fasinerande at dette er jobben deiras 🤔 😊

Og her, som på alle andre arrangement vi har vært på i USA, så starta folk å gå før kampen var ferdig. Greit nok at dei ikkje vant, men det går an å drøye an til 5 min før kampslutt. Det endar jo bare med at fleire og fleire folk går tidligare og tidligare.. Vi satt jo sjølvsagt igjen til slutt, då vi absolutt ikkje hadde nåke hastverk med å stå og gå i kø ut av stadionen 😏

Vi er veldig glade for at vi fekk med oss ein slik storkamp mens vi er her borte. Sjølv om alt av arrangement er kostbart, så er vi veldig glad vi tar oss råd til det. No manglar vi både basket og baseball før turen til Florida då, så det spørs om vi rekk det 😅

 

 

 

 

#gameday #footabll #arizona #cardinals #arizonacardinals #usa #utveksling #reise #travel #reisebloggen #sport #arrangement #iviusa

6 kommentarer

Siste innlegg