Ida Røssland

Panama City Beachwalk ☀️

Etter alligatorturen hadde vi heldigvis nåken timar før Vegard måtte tilbake på jobb. 😊 Vi kjørte derfor ein ned til Panama City Beach for å sjå korleis den såg ut, og som forventa var den rimelig lik som den vi er vane med her vi bur; krittkvit finkorna sand. Vi fant parkering i eit område som heite Pier Park, som er ein utendørs kjøpesenter/promenade som ligg rett ved stranda. Her var husa malte i alle mulige "gla´ fargar" ein kunne tene tenke seg, skikkelig fresht! 😍 Eg kunne gått her i fleire timar bare å sett og tatt bilder av husa..

Lunchen tok vi på denne resturanten som låg heilt på stranda, og ved siden av pieren.

Overraskande nok så var dette faktisk nåken av dei beste og saftigaste rekene eg har fått servert her i Florida. Dei må nok ha vært heilt ferske, for alle andre plasser er dei seige, tørre eller bare generelt dårlige.. Så tommel opp for dette! 👍

Etter lunchen var det tid for dessert, og ein liten tur på shopping her på Pier park. Eller jentene var innom på litt shopping, mens menna gjorde kva enn menn gjer når damene er på shopping 😅

Menna blei litt lei til slutt, og vi vendte snuten heimover. Vegard skulle nemlig ha to eksamenar på jobben den dagen, så vi tenkte det ikkje var nødvendig at vi skulle bli forsinka pga trafikk og slikt.😅



Her er det to menn som virkelig hadde blitt heilt utslått av den lange dagen i sola. Godt dei fekk seg ein liten cowboystrekk på kjøreturen heim! Vi konkluderte med at turen var veldig verdt dei timane vi hadde i bil, og at vi kan anbefale ein tur på alligatorsafari og i luftbåt om ein har muligheten. Bare båtturen var kjekk i seg sjølv!😃

Og eksamenane til Vegard? Som alltid full pott! Flinke mannen min ❤️​

#usa #reise #florida #ferie #iviusa #reiseblogg #reisebloggen #reisemagasinet #tur #fly #panamacity #panama #shopping #lunch #mat #resturant #restaurant #sommer #båt

liveterherlig93

13.05.2017 kl. 09:54
fine bilder:)

Ida

22.05.2017 kl. 23:45
liveterherlig93: :D

Lilli

13.05.2017 kl. 14:33
Så herlig :)

Ida

22.05.2017 kl. 23:45
Lilli: Så absolutt :D

Mary Ann

15.05.2017 kl. 22:05
Så fine bilder ha en god kveld

Ida

22.05.2017 kl. 23:44
Mary Ann: Takk for det! Ha ein fin mandagskveld du og!
Ida

Ida, 23 år, gift med Vegard, lever livet i Florida og Arizona fram til sommaren 2017. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign

hits