Dag: 7 Washington – New York

Her kjem enda eit innlegg i frå roadtripen vår i USA. 😊  


Då var vi endelig kome til lørdag 1.07 og klare for å kjøre nordover mot New York. Siste stoppestasjon før vi sette kursen mot Norge. Vi starta heldigvis å kjøre tidlig, med tanke på køen vi kjørte i heile veien opp til Philadelphia. Denne turen skulle egentlig ta 2,5 time, men eg trur vi brukte rundt 4,5 timar på den turen… 😩  Vi var rimelig lei når vi endelig kom oss fram til Philadelphia då ja! Planen her var egentlig å gå innom å sjå “Independence hall” og “Liberty bell”, men med tanke på at vi låg så enormt bak skjema blei det bare ein kjapp tur utav bilen for å sjå det på avstand. 

Her er Independence Hall. Det var her USA´s Uavhengighetserklæring blei underteikna i 1776.

Her inne står bjella, men det var så lang kø at deeet gidda vi rett og slett ikkje. Hadde nok ikkje hatt tid til det heller, med tanke på at vi skulle levere bilen i New York samme kvelden.

Fra Philadelphia til New York gjekk det heldigvis litt kjappare på fram. Og til nærmare vi kom New York, til meir var det og å sjå på. Nåke som vi heldigvis var forberedt på var at det kom til å bli ein del bomstasjonar når vi nærma oss NY, men at det skulle bli så mange hadde vi aldri trudd. Og prisane blei vi mildt sagt litt sjokkerte over. Det var jo som å reise i Norge! 8$, 10 $ og 15$ var liksom innen 1 times kjøring… Jaja, godt vi bare skulle ein vei.. Dessuten hadde eg samla alle småpengane mine i fra året i ein pose, så til slutt så betalte vi bompengar på 10$ med 10¢ og 5¢ vi hadde igjen. Vegard var lite imponert over meg foråseidetsånn… 😅

Det blei ein stopp på Dunkin Donut på veien og. Her hadde vi ikkje vært innom i løpet av året, og då måtte vi jo bare det. Kanskje ein liten siste “krampetrekning” før avreise? 🙊

Veisystemet i USA er imponerande og stort. Rimelig greit at Vegard har is i magen og ikkje alltid høyrer på meg når det gjeld veivalg og 😅 Vi kom oss nå trygt fram uansett!

Her er Verrazano-Narrows brua som er ei svær to etasjes bru som går i frå Staten Island og over til Brooklyn, altså sør for Manhattan. Ganske stilig egentlig, og ja vi valgte bevisst å kjøre på øverste dekk 😅

Etter eit tips, i fra ei som har budd i New York eit år, kjørte vi innom Coney Island på vei til flyplassen. Dette er eit område ved sjøen der det er tivoli, karusellar, arkadespel og slik. Vi var bare nett nedom her, for på himmelen kunne vi sjå at været kom til å snu gaaanske kjapt. Eg var ikkje før komt inn i bilen før himmele åpna seg. #rutinert 😎

Ikkje akkurat krittkvit Destin-strand her nei, men sikkert deilig for befolkningen i New York når sommaren står på. 😅

Vi skulle levere bilen på JFK flyplass innen kl 20:00 lørdags kveld, og etter ein kjapp stopp på Coney Island, så fekk vi levert bilen ca 30 min før avtalt tid. Og då har vi så og sei kjørt i eitt i fra Washington sidan kl 12 på morgonen.. Er det mulig? Turen skal jo egentlig kun ta 4 timar i frå Washington.. 😩

Då vi nærma oss hotellet så fekk eg ein følelse av at her hadde eg vært før. Etter å ha kome inn i lobbyen fant eg ut at eg hadde budd på det hotellet for 7 år siden når eg var i NY for første gang. Altså, kva er sjansen for det egentlig?😂  Haha, uansett. Etter at vi hadde fått all bagasjen inn på rommet, tok vi turen ut for å sjå på Times Square og for å få oss ein matbit. Klare for å få med oss mykje av det New York har å by på dei neste dagane!

#NY #NewYork #reise #usa #ferie #sommer #iviusa #reisemagasinet #reisebloggen #travel #wanderlust #

5 kommentarer

Siste innlegg