Maria Mena i Baroniet 🌹

Den 13 juli var eg så heldig og fekk være med Kristin på min aller første konsert i Baroniet her i Rosendal.🌹  Det er mulig fleire av dåke har vært her før, då Baroniet er veldig kjent både i Norge og i utlandet. Det er med andre ord enormt mange turistar her gjennom alle sommarmånandane. Dei er flinke å arrangere konsertar her oppe, og kvart år kjem blandt anna Bjørn Eidsvåg og Sondre Lerche å holde konsertar.  Konserten eg fekk billett til var ingen andre enn den flinke dama Maria Mena! 

Tidligare på dagen hadde Maria lagt ut på Instagram at ho ikkje hadde hatt tid til å være heime etter ein ferietur, og lurte derfor på om ho måtte opptre i ein bikini på scenen. Dette fanga Kristin opp og inviterte Maria inn på butikken for å finne antrekk til kvelden. Dette tok ho på ordet og plutselig sto ho smilande på Instinkt Mote! 😃  Eg trur ikkje vi rakk å bli nåke starstruck heller, fordi ho var så utrulig jordnær og fin der ho gjekk rundt på leit etter antrekket sitt. 

Det var veldig gøy at butikken fekk donere ein kjole til ho den kvelden, og ikkje minst at ho gjekk for Norsk design! 😃  Kjole og øyredobbar er i frå den flinke designeren  Secrets By B 🌸

Ein nydelig konsert med ei nydelig dame! Har du muligheten til å gå på konsert med ho, så er det virkelig å anbefale. Dessuten vil eg anbefale dåke å følge ho på Instagram for å sjå storyen hennas der. Altså, den er bare til å bli glad av.😍

Ho spelte og  mange av dei gode gamle sangane sine, altså dei som eg har vokst opp med. Ho fortalte og litt i forkant av sangane, som kva dei handla om og kva som var årsaken til at ho hadde skreve dei. Dei siste åra har ho opplevd ein del ting på privaten, og dette snakka ho åpent om. Så søt! 😍

Dessuten klarte eg og Kristin å få til eit bilde med ho etter konserten. Måtte jo nesten ha det på grunn av kjolen 🙈

Mihi, ein veldig koselig dag og kveld med andre ord!  No gler eg meg bare stort til Vamp-konsert neste veke 😎

 

– Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her –  

 

#konsert #ferie #mariamena #design #norge #rosendal #baroniet #mote #sommerferie #sommer #travel #reise

8 kommentarer
    1. Har vært i Baroniet ja – mange ganger, det er kjempefin plass, spesielt når rosene er i full blomst <3 Så utrolig kjekt å få møte Maria Mena etterpå 🙂 Flotte bilder <3

    2. spisogspar: Ja, det er veldig fint der. Men vi lokalbefolkningen tenker nok ikkje over det på samme måte som turistane. Vi har liksom vokst opp der :p Veldig koselig å få møte ho ja 🙂 Ha ein fin søndag vidare! 🙂 <3

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg