hits

Ida Røssland

DIY: Vedstativ

  • Skrevet 04.12.2017 klokka 10:24
  • Kategori: DIY: Bygg

Goood mandag! Eg syns det kunne være kjekt  starte veka med ein liten og kjapp DIY, som passer denne årstida godt. Vi bur jo for tida i eit hus, og i hus blir det ein heil del kaldare om vinteren enn det var i leiligheten i Kristiansand. Dessuten er dette huset ein del generasjonar gammalt og, så ja, huset er kaldt og det trekker inn alle vinduene som er her. Vi var derfor veldig glad når vi fant ut at det var vedovn her, så no fyrer vi i eit sett og heile huset er godt og varmt heile dagen :) Einaste "problemet" med dette er jo at veden blir oppbevart i den berømte blå IKEA-posen.. Og vi er sikkert ikkje dei einaste som bruker den som vedoppbevaring, eller? 🙊

Vel posen måtte vekk. Eg hadde nåken restematerialer liggande, og på 1-2-vipps så var stativet ferdig. Så enkelt at alle kan gjere det så lenge dei har ei sag og ein skrumaskin.

Mitt vedstativ måler: 80 cm x  35 cm, inkludert hylleplata på ca 2 cm. Du lager sjølvsagt i den størrelsen du vil ha, men eg legg ved mine mål i oppskrifta. Dei står i parantes.  😊

Du treng: 

  • 4 like lange lekter i høgden ( 78 cm)
  • 4 like lange lekter til bredden ( 47,5 cm) 
  • 4 like lange lekter til dybden ( 25,5 cm)
  • Velger du å ha hylle oppå, så må du tilpasse ei plate ( 35,2 cm x 54,7 cm)

 

Slik gjer du:

  • Skru deretter lektene for høgden og dybden sammen, slik at du har to rammer. 
  • Fest rammene sammen ved å bruke breiddelektene. 
  • Skru så topplata på. Eg valgte å skru i fra undersida, slik at skruene ikkje skulle synast på toppen. 

 

Og voila! Flunk ferdig og praktisk vedstativ. Og ja, eg er klar øve at det står ganske nært ovnen. Og der må det stå... Det blir faktisk overraskande lite varmt i forhold til kva eg såg for meg, sjølv om Vegard framleis er litt skeptisk... (HMS-ansvarlig i heimen...) 🙄 

Blei det ikkje koselig? Mykje kjekkare enn ein blå IKEA-pose, sjølv om den faktisk hadde stått i stil til veggen vår 😅

Følg meg gjerne på Facebook: Idarossland.blogg.no

#diy #hjemmelaget #heimelaga #gjerdetsjølv #doityourself #ved #stativ #inne #interiør #interiørbloggen #hobbymagasinet #aftenposten #diymagasinet #hobbygruppo #snikker #snekker  #bygg #verktøy

livetmitt93

04.12.2017 kl. 10:35
så fin :)

Ida

08.12.2017 kl. 19:11
livetmitt93: :*

Katrine

04.12.2017 kl. 10:59
Så kjempe fint det ble <3

Ida

08.12.2017 kl. 19:10
Katrine: Tusen takk :*

Charlotte

04.12.2017 kl. 18:46
kjempefin den ble :D

Ida

08.12.2017 kl. 19:10
Charlotte: Tusen takk for det :*

Marie

04.12.2017 kl. 19:32
så fin den ble :-D

Ida

08.12.2017 kl. 19:09
Marie: Tusen takk :*

jm

05.12.2017 kl. 09:07
Du er så kreativ, Ida! Gler meg til å sjå fleire prosjekt :)

Ida

05.12.2017 kl. 17:14
jm: Takk for det Jannike :)

Flyttebyrå Oslo

05.12.2017 kl. 11:17
Helt fantastisk!

Ida

05.12.2017 kl. 17:15
Flyttebyrå Oslo: Tusen takk for det :D

Marianne

05.12.2017 kl. 20:32
Så stilig og enkelt :D

Ida

08.12.2017 kl. 19:09
Marianne: Tusen takk for det :D
Ida

Ida, 25 år, gift med Vegard. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign