Fjordpåske 2018!

Etter ei god langhelg på hytta reiste eg ned til lavlandet og fortsatte litt av påsken der. Eg fekk ikkje meir enn tre dagar, siden eg skulle tilbake på jobb på lørdagen,men det var virkelig verdt det. Kvinnherad er på sitt finaste no, med bare bakkar og snø på fjelltoppane! ❤

Eg fekk til god tid med familien, og ein tur å stia sauene med bessen! Nett som for 15 år sidan (om ikkje det er lengre). 😊

Det blei ikkje nåke topptur på ski då eg var heime, men det blei ein kjekk fisketur då! Vi var på sjøen nåken timar og fekk heldigvis fangst, ellers hadde det ikkje vert verd det 😅🐟

Sjølv om sola skein så var det fortsatt kaldt. Var godt å ha nåken store kjeledressar å varme seg i. Fine og fine, men varme var dei vertfall! 😊

Eg og mamma fekk kvar våre store lyr på stanga, og var veldig fornøyde når vi kjørte heimover!

Det var godt å få litt skikkelig vestlandspåfyll, sjølv om det bare var i lavlandet denne gang. No blir neste heimtur til sommaren, og det blir så godt. Eg gler meg til å sjå at bakkane og trea er blitt grønne og at snøen har smelta på toppane. 😊

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg