Rundtur på Ørlandet

Før sommaren var mamma ein tur på besøk her i Trøndelag. Eg hadde klart å ordne meg fri nåken av dagane ho var her, slik at vi kunne få mest mulig tid ilag.

Vi var ein tur innom Uthaug for å sjå på ei gate med gamle hus som låg heilt i sjøkanten. Her fant vi og eit naust som virka veldig interessant, og siden døra sto åpen og det hang eit skilt med «cafe» på døra, så gjekk vi inn 😅 Det var jo slettes ingen cafe, men rett og slett ein mann som hadde samla på alt og ingenting heile livet. Han hadde så ekstremt mykje fasinerande ting/ skattar der inne! Han var veldig pratesjuk, så vi var der nok ein liten time og høyrte på alle sjørøverhistoriane han hadde å fortelje.

Vi gjekk ein tur på Gartkviga. Ein topp vi visste ikkje var nåke høg, men at vi skulle bruke knappe 7 min på turen opp var vel heller sjokkerande😅 Vi brukte faktisk lengre tid på vei ned, siden mamma skulle vise vei.. 😂

Fin utsikt over Garten var det i alle fall. Her går og ferja over til Storfosna.

Vi fant kvart vårt multebær og, så det var verdt turen opp 🙈

Det er så herlig å få besøk her oppe! Også er det jo litt fint her og..😊

20 kommentarer

Siste innlegg