17.mai feiring i Kristiansand!

Har hatt ein kjempefin, men slitsom nasjonaldagfeiring!

Starta dagen med champagnefrukost heima hos oss. Me var sju stykker. Jørund, Ida, Erlend, Mona og Tor Harry kom på besøk. Eg hadde laga mini-Pavlova og frokost 🙂 Etter frokosten gjekk me ned i byn for å kjøpa oss is og å sjå på borgartoget. Var heilt ekstremt med folk der. På kvelden gjekk me ned i Markens igjen og såg på at  folk sprang Tapto. Då springe mange folk fra eine enden av Markens og ned til båthavno. Var heilt kaos og mange trynte, men var veldig gøy! Ved båthavno var det fyrverkeri og Jazzmusikk, kjempe koselig avsluttning på ein flott dag!

Meg og fine Mona!

Sjantebassen Jørund i uniformen

Litt bilder i frå toget

I Kristiansand trenge dei ikkje rydda gatene for russekort, her gjere ungane jobben. Dei var heilt galne, verre enn eg nåken gang har sett. Plukka opp skitne og våte russekort fra dammar. Ein gutt hadde til og med ein stor bærepose med kort!! Sjønne ikkje ungane no.

 

5 kommentarer

Siste innlegg