Herregud så kleint..

Me må ned i kjellaren for å vaska kle.. Og forrige veka når eg skulle ned, så hadde nåken stjelt skøyteledningen min! Så eg fekk ikkje vaska.. No har vi måtta ta med oss ein som vi bruker andre plassar kvar gang ein maskin skal settast på.. Dritt lei, så eg hang opp ein lappe i håp om at skøyteledningstyven får dårlig samvittighet og legg tilbake ledningen min, så eg kan få vaska kle uten nåke stress..! 

Øve til det som var kleint.. Eg hadde henta nyvaska kle på torsdag, og når eg skulle på jobb på fredag møtte detta meg i vinduskarmen i trappeoppgangen:

TRUSO MI!! Herregud.. Eg såg fort rundt meg for å forsikra meg at ingen såg da, heiv den i vesko og sprang ned trappo….

5 kommentarer

Siste innlegg