Heimelaga glutenfrie scones!

Heima aleina etter ei fantastisk innhaldsrik helg. Har hatt besøk av tante, onkel og ungane og har servert i bryllup! No har dei reist heim og eg nyte stillheten på sofaen med nysteikte varme scones! Oppskrifta er enkel og det tok under 20 min frå start til slutt. 🙂

♥ 2 dl grov glutenfritt mjøl

♥ 2dl fint glutenfritt mjøl

♥ 2 ts bakepulver

♥ 1 dl smelta smør

♥ 1 dl kesam (eg hadde ikkje kesam og bukte creme fresh)

 

Bland det tørre saman og tilsett fuktigheten. Rør rundt med ei sleiv og fordel deigen i tre delar på ei bakeplate. Form dei til rundingar og klapp dei litt flate. Del dei halveis på midten så blir det lettare å dela.

Steik i ovnen på 230-250 grader i ca 10 -15 min.  

 

6 kommentarer

Siste innlegg