Norge på Nytt 2014

Norge på Nytt er ein næringslivskonferanse i Kristiansand som vert arrangert av studentar ved BI Kristiansand og økonomistudentar ved UIA. I år skal den arrangerast den 18. februar på Kilden konserthus. Eg er så heldig å ha fått vervet som Markedsføringsansvarlig og har ansvar for sponsor, salg av billettar og pr. I år har vi valgt at årets tema skal omhandla det å gripa mulighetar, sikta høgt og væra ambisiøs. Vi har alle ein drøm, eller eit mål om å oppnå noko. Vi ønsker difor å motivera studentane til å ta den fyrste skrittet. Konferansen blir i hovedsak lagt opp for økonomi-, markedsføring- og ingeniørstudentar, sjølv om årets tema er aktuelt for alle studentar. 

Formålet med konferansen er å skapa relasjonar mellom studentar og næringsliv i Agder. Konferansen vil vera ein fin møteplass for nettversbygging på tvers av bransjar og studier. Det vil og vera ein arena for utvekslinng av kunnskap, ideear og erfaringar.

Her er eit bilde av oss i styret:

Foredragsholderane vi har klart å få tak i:

Ein av foredragsholderane eg gledar meg mest til å høyre på må vere Max Gouchan. Han hoppa av skulebenken då han var 18 år for å starta opp “ClickLiftt”. Saman med fleire ingeniørar starta han firmaet som jobbar med å gjere kranløft mellom platform og båt sikrare og meir effektivt offshore. Han brenn for ledelse, innovasjon og markedsføring, og reiser stadig rundt for å halde foredrag, blant anna på TEDx i Bergen.  

Dette blir så gøy! Er du student i Kristiansand så bør du sikra deg billett til dette arrangementet HER.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg