DIY: Stovebord

Endelig har eg fått laga meg eit nytt stovebord! Dette har eg vel tenkt på ei stund, og tegningane har vore klar i hovudet mitt ei stund. Bordet er ikkje heilt slik eg vil ha, då eg helst vil ha eit med sveist understell og med ei heiltre bordplate på toppen. Men for no så tilseie lommeboka at eit heimelaga bord i gran er meir enn godt nok! 🙂 Kanskje det blir ein ny tv-benk i samme stilen snart!

Bordet blir 46 cm høgt x 74 cm breit x 116 cm langt.


 

Du treng:

  • 4 stk 106 cm, til langsida mellom bordbeina. Eg brukte 48×48 mm lekter.
  • 4 stk 64 cm, til kortisida mellom bordbeina. Eg brukte 48×48 mm lekter.
  • 4 stk 44 cm, til bordbein. Eg brukte 48×48 mm lekter.
  • 5 stk 116cm plankar. Eg brukte utvendig kledning 22 x 148 mm.
  • 1 stk 66 cm plank til å stive av bordplata med. Eg brukte restar av utvendig kledning 22 x 148 mm.
  • Skruer til å feste lektene sammen med. Ca 75 mm lange, slik at bordet blir stabilt og godt.
  • Skruer til å feste bordplata. Ca 60 mm lange, slik at dei ikkje visar i plata (siden eg skrudde dei inn på undersida av bordet)
  • Skruer til å feste “avstivningsplanken” under bordet. Ca 30 mm lange så dei ikkje går gjennom bordplata.
  • Sparkel til å sparkle over skruene med.
  • Grovt og fint pussepapir.
  • Beis, maling, voks eller lakk til behandling.

 

Slik gjorde eg:

  • Legg plankane, som skal bli bordplata, utover.
  • Mål og sag opp alle delane i dei lengdene du treng. 
  • Skru først fast lektene på kortsidene, men pass på at plankane til bordplata er tette. Eg brukte ca to skruer per plank.
  • Skru deretter inn beina i frå sida, og inn i lektene som er skrudd fast i bordplata.
  • Når du har fått på ei “ramme” bordbeina, så snur du bordet. 
  • No skrur du på lektene på kortsida og deretter på langsida. Dette gjer at bordet blir stabilt, og beint.
  • Når bordet er så langt som det er, så vil plankane i bordplata kunne bøye seg om det kjem litt tyngde på. Derfor har eg skrudd på ein planke på undersida, slik at bordplata blir stiva av. Her har eg og brukt nåken kortare skruer, slik at dei ikkje går igjennom bordplata.
  • Deretter treng du bare å pusse over med pussepapir; først grovt og deretter fint. 
  • Sparkle over skruehull og eventuelle “skadar”.
  • Puss lett over med fint pussepapir.
  • Behandle med maling, beis eller anna.

No er bordet klart til bruk! Bordet er fint til å ha både ute og inne, og overflata kan behandlast deretter.  Eg har brukt Jotun sin Lady Interiørbeis hvitkalket for å få den finishen eg ville ha. Eg la godt på så det er kanskje to eller tre strøk. Dette er lurt å prøve seg fram på ein overskuddsplank eller på undersida på bordet. 

Kostnaden på material til dette bordet blei vel på ca 300 kr, og då har eg ein god del skruer igjen..

Her kjem ein liten bildeserie, så kanskje forklaringa blir lettare. 🙂


 

#bygg #bord #stuebord #uterom #stue #byggdetselv #side2 #hage #hus #uteområde #ute #hjem #terrasse #altan #diy #gjørdetselv #rom123 #interiør #eksteriør #diy #gjørdetselv #hobby #kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #prosjekt #reise #penger #tips #hverdagstips #aftenposten #boligoghjem #aftenbladet #coffeetable #coffetable #stovebord #hjemmelaga

6 kommentarer

Siste innlegg