Oppskrift: Kylling-mangochutney!

Denne oppskrifta har eg fått i fra ei venninne. Den er blitt ein stor hit her heime, og er i tillegg veldig enkel å hive sammen til både kvardag og “fest”. 🙂 

Til 3-4 personar treng du:

  • 3-4 kyllingfiletar
  • 1/2 glass Mangochutney
  • 1 beger Creme Fraiche
  • 2 løk
  • 1 ts karri
  • 4 fedd kvitløk
  • 1 cm revet fersk Ingefær
  • Litt chili
  • Hakka koriander

Slik gjer du:

  • Del kyllingfiletane i bitar og steik dei med salt og pepper
  • Steik løk og kvitløk gylden i ei panne.
  • Tilsett mangochutney, Creme Fraiche, revet ingefær, chili, karri og koriander i lag med løken. 
  • Rør sammen og la det få eit oppkok.
  • Bland kyllingfileten og sausen i ei ildfast form.
  • Steik på 200 grader i ca 20 min.
  • Strø fersk koriander oppå før servering.

Server gjerne med nanbrød og ris! 


#middag #matprat #godtno #enkelmiddag #kvardag #hverdag #oppskrift #oppsskrifter #kylling

 

3 kommentarer

Siste innlegg