Kitchen details


Desse tre tinga er på vei i posten til meg no!

 

Block Lamp- Design House Stockholm

Denne lampen har eg ønska meg like lenge som Oslo Wood lampen, som eg fikk til bursdagen i fjor. Så i 6 år har eg gått å sett på den og lurt på å kjøpe den, men har aldri funne ein fortjent plass til den.. Eg har vel ikkje funne ein fortjent plass til den no heller, men når den var på tidenes supertilbud så kunne eg ikkje la det gå i fra meg. Så nå får eg bare finne ein plass til den. Lampen har vunne fleire prisbelømte designprisar og er tilvirka i håndstøypt glass med ei slipt innside. 

 

Leona serviettholder- Herstal Group

Ny serviettholder trengte vi (les: eg). Den vi har no er virkelig ikkje min stil, og eg har den faktisk gjømt inni skapet når den ikkje er i bruk.. Eg tar den heller aldri fram med mindre det bare er eg og Vegard heime :p  Denne stilreine serviettholderen fra Herstal er laga av melamin og metall, med ei stor klemme øverst som skal halde serviettane på plass. Eg håpar bare den lev opp til forventningen (så langt ein serviettholder kan :p )

 

Eva Trio White Line traktørpanne
Panna vil eg sei er ei steikepanne med høg vegg. For det første så er den jo bare råkul, og for det andre så ser eg for meg å kunne bruke den til gryter, kjøtt, fiskemiddagar osv.. Det står at bruksområdene er til bruning og steiking, sidan det kjemiske belegget er hardt og robust samtidig som det vil behalde kvitfargen sin uansett kva matlaging ein bruker panna til. “Eva Trio”-kolleksjonen har og fleire gryter og kasseroller i samme serie, kanskje dette blir ein samling?

Eg kjøpte tinga på Scandinavian design center, men klikka meg gjennom Kickback først. Så på denne handelen får eg 6% tilbake av kjøpesummen! Bare klikke på denne lenka for å registrere deg og få tilbake pengar når du handlar 🙂 

 

#shopping #kickback #interior #minstil #skandinavisk #design #evasolo #kjøkken #kitchen #details #room123

4 kommentarer

Siste innlegg