DIY: Elefantbamse

Til denne søte bamsen har eg henta inspirasjon fra ein lokal barnebutikk her i Kristiansand. Eg har ikkje fulgt nåken oppskrift, men har no funne ut at eit liknande mønster er mulig å kjøpe på nett. For min del er det unødvendig, då bamsen egentlig er så enkel at ein kan lage mønster sjølv. 🙂

For å lage ein enda enklare versjon, uten øyrer kan du bare tegne eit mønster, klippe ut, sy rundt, fyll med vatt og voila! 

Dette treng du:

  • Bakepapir
  • To forskjellige stoff
  • Symaskin
  • Fyllvatt
  • Bommullstråd
  • Nål
  • Saks

Slik gjer du:

  • Start med å tegne opp figuren du vil lage. Tegn den litt større en du vil ha den, då den virker større på papir enn når den blir fylt.  

 

  • Klipp ut delane som under. Dette er fordi du skal feste øyra mellom hovudet og kroppen. 
  • Tegn mønsteret over på stoffet. Pass på at det blir riktig i forhold til rette og vrange. Du treng to delar av kvar kroppsdel og fire delar av øyrene.
  • Klipp ut delane i stoffet. Husk godt med søm-monn!

  • Sy øyredelane sammen og fyll med vatt.  
  • Fest øyret i passelig høgde på bakdelen, og legg hovudet over, slik som på bildet. Pass på at det blir rett når hovudet blir retta fram igjen.  
  • Sy langs den rette linja mellom hovud og kropp. 
  • Husk å gjer dette på begge sidene.

  • No skal du bestemme uttrykket til bamsen. Augene skal på. Sy dei der du vil ha dei, lurt å plassere dei nåke lunde likt på kvar side. Synes du dette er vanskelig så kan du sy på augene når bamsen er ferdig. 
  • Sy ei lita flat “pølse” til hale. Eg valgte å knyte den da den blei litt lang, men dette blei jo egentlig bare kult!
  • Legg halen litt på skrått inn mot kroppen. Legg den ferdigsydde kroppen med rette mot rette og sy nesten heilt rundt.  Prøv å få så god flyt i det så mulig, slik at dei runde kantane ikkje blir hakkete.

  • Vreng bamsen i åpningen og fyll godt med vatt. Så er det bare å sy igjen siste stykke for hand. 

#elefant #elefantbamse #bamse #kosedyr #diy #gjørdetselv #hjemmelaga #håndarbeid

5 kommentarer

Siste innlegg