No har eg utnytta siste rest av kassen med plommer fra Eik. Eg googla meg litt fram og fant ut at saft ikkje var så dumt å prøve. Eg trudde egentlig det skulle være mykje meir avansert enn det var, så eg blei vel egentlig veldig positivt overraska då eg leste dei forskjellige oppskriftene. Dette var jo fort gjort!
Til nesten 2 liter saft treng du:
- 2,5 kg plommer med stein
- 8 dl vatn
- 400 gram sukker (meir eller mindre avhengig av kor søt du vil ha den)
Slik gjer du:
- Kok opp vatn og plommer og la plommene bli møre.
- Når plommene er møre kan du bruke ein potetstappemoser til å skvise dei godt. La dei småkoke litt til.
- No treng du eit dørslag og eit reint kjøkkenhåndkle. Legg dørslaget over ei panne og legg så kjøkkenhåndklet over igjen.
- Bruk ei ause til å helle litt og litt av dei ferdig kokte plommene øve. Dette tar tid, men la det stå å renne i fred. På mange av oppskriftene står det at du ikkje skal prøve å trykke safta gjennom kledet for at de skal gå fortare, men med min tolmodighet så gjorde eg det. Ingen skade skjedd trur eg!
- Når all safta er gjennom tilsetter du sukkeret og kok opp på nytt.
- Hell så blandinga over på tette og steriliserte flasker. Eg har brukt IKEA sine literflasker til 19 kr stk.
Blandeforholdet er ca 1/4, men det avhenger av kor sterk/svak du likar safta.
Eg anar ikkje kor lenge ei flaske held seg i kjøleskapet, men eg har tenkt å drikke den fortløpande. Ein kan og fryse flaskene og ta dei opp til spesielle hendingar?
#heimelaga #hjemmelaga #plommesaft #godtno #matprat #diy #gjørdetselv
#mytaste #aftemposten #kamille #kjøkken #oppskrift #deilig #høst #haust #plommer
Flotte bilder;) ser herlig ut! Ha en god dag!
dette så helt fantastisk ut =) nam <3
Så herlig
åå for et godt tips !! Så skikkelig godt ut
Så flink du er! Så veldig friskt og godt ut
maritpaulsen: Ja, ikke sant? Var deilig
REBECCA HOLDER: Supergod!
Nikita: :D:D
Constanza Marcela: Det var det og
missmommy.blogg.no: Tusen takk