Bakehelg

Helg og storm ute har betydd innedag og baking.  Etter at eg hadde kjørt Mats og Marie til flyet for eg heim og bakte havreflarn og brente mandlar, sjakkrutene laga eg på fredag. Eine ladningen av brente mandlar blei rett og slett for brent, så eg hakka dei opp til krokanbitar til is. Eg var og ein tur i skogen. Istadenfor å betale 400 kr for eit lite juletre på Plantasjen, så var eg å henta meg ei lita furu som eg har sett i vase. No begynner det å bli klart til årets vennejulebord på lørdag!


 

Nåken som vil ha oppskrifter? 🙂

#idarosslandjul #baking #mat #godtno #matprat #heimelaga 

19 kommentarer

Siste innlegg