Date

Igår hadde Vegard tatt juleferie og eg var på jobb. Det er ekstremt mykje å gjere på jobb no, så eg hadde litt dårlig samvittighet når eg måtte gå tidlig for ein legetime.. Etter legetimen blei eg sendt på røntgen i byen, og då fekk eg dradd med meg Vegard ut av leiligheten i samme slengen! Røntgen gjekk fint, og dei fant ingenting i rygg, ribbebein eller skulderblad, og der er jo positivt. Einaste som fortsatt er kjipt er at e har vondt etter håndballkampen for 12 dagar siden…

Etter røntgen gjekk vi ein tur i markens og fekk handla litt julegaver. Vi satt oss ned på Camillo Bastruo, som etter min meining kanskje har den beste frappen i byen (og eg har jobba på Waynes :p )

Torvet i Kristiansand er forvandla til eit julemarked med lyslenket og boder over alt. Det var nesten som ein fekk følelsen av å være i ein storby!

Idag står siste innspurt av julegavene som skal syast på planen.

God lørdag!

8 kommentarer

Siste innlegg