Oppskrift: Pizza bakt på pizzastein

Her kjem nåken gode tips til pizza bakt på pizzastein. Alternativt om du ikkje har pizzastein kan du faktisk bruke ei langpanne på samme måten. Ved å forvarme den osv. Ein kan jo til og med lage pizza på grillen på denne måten, mulig vi må gjere det i sommar? Om eg får Vegard med på det då 😉

SAMSUNG CSC

Start med å sette pizzsteinenen inn i ovnen og sett ovnen på 250 grader. Dryss eit lett lag med maismjøl på steinen, slik at deigen ikkje skal feste seg. Steinen skal takast utav ovnen når du har kjevla deigen ut, og den er klart til etterheving på steinen. 

Deig:

  • 75 gram fersk gjær (1,5 pk)
  • 2,5 dl lunka vatn
  • 3 ss god olivenolje
  • 1,5 ts salt
  • 0,5 ts sukker
  • 2 ts oregano og timian
  • 50 gram solsikkekjerner
  • 40 gram linfrø
  • 100 gram fullkornsmjøl av spelt
  • 200 gram speltmjøl. + litt til utbaking.

 

Slik gjer du:

  • Smuldre gjæren og rør den ut i det lunka vatnet. Tilsett deretter resten av veska, olje og kryder. Tilsett solsikkekjerner, lin og der grove mjølet og bland godt. Sikt deretter resten av mjølet inn i deigen, og elt det heile godt sammen. Deigen skal ikkje være fast, men heller ikkje veldig kleblig. 
  • La deigen stå til heving til dobbel størrelse, ca 30 min på ein lun stad.

Mens deigen hevar på ein lun stad er det det tid for å lage sausen:

Saus:

  • 1 boks hakka tomater
  • 2 ts krydderblanding av oregano og timian.
  • 2 ts hakka kvitløk
  • 2 ss hakka frisk basilikum

Bland alle ingrediensene utenom basilikumen med ein stavmikser, slik at klumpane av tomater forsvinn. Ha blandinga deretter i ein liten kjele og la den småkoke til den tjuknar litt. Ha i frisk basilikum.  Avkjøl før bruk. 

Fyll:

  • 2 pakkar mozzarellaost
  • 4 ss hakka soltørka tomater i lake
  • Spekeskinke i ønska mengde
  • Vårløk
  • Ruccola til topping etter at pizzaen er steikt. 

SAMSUNG CSC

Slik gjer du vidare:

  • Kjevle deretter ut til ein fin pizza og la den etterheve i 20 minutt på den varme steinplata. Ps, ikkje kjevle deigen ut direkte på steinplata, men gjerd et på kjøkkendisken din. Dette fordi at deigen ikkje skal feste seg fast til steinen. (Learning by doing…) 
  • Etter at deigen har forsteikt litt på steinplata skal du smøre eit tynt lag med saus på bunnen. Legg deretter resten av fyllet på pizzaen.  Steik pizzaen på 225 grader i ca 25 minutt. 
  • Enjoy!

SAMSUNG CSC

#pizza #oppskrift #pizzastein #baking #hjemmelaget #heimelaga #middag #godmat #godtno

9 kommentarer

Siste innlegg