DIY: Tova votter

Desse vottane er perfekte å strikke i solsteiken på hytta i påsken. Når ein først har forstått mønsteret, tar det ikkje lange kvelden før vottane er klare for toving. Tovinga var litt skummel, og Vegard må ha trudd det hadde klikka for meg når eg hoppa rundt etter at tovinga gjekk bra :p Heldigvis slapp vottane å bli passelige til ein liten unge.

SAMSUNG CSC

Du treng:

3 nøster med fritidsgarn fra Sandnes Garn. 

5 stk strømpepinnar str 5 eller 6. Avhengig av kor stramt/laust du strikka

 

Slik gjer du (dame) herre:

Legg opp 36 masker på pinne nr 5-6, avhengig av kor stramt/laust du strikkar. Strikk 4 omganger med 1 rett, 1 vrang. 

Strikk diagram A

Strikk diagram B og fell slik diagrammet viser. 

Stirkk dei 6 første maskene inn på ein hjelpetråd, sett maskene tilbake på venstre pinne og strikk maskene på nytt. Dette kan virke litt vanskelig å forstå ved å lese det, men HER kan du sjå korleis du skal gjere det. Følg steg 1-3 på bildene. 🙂 

Strikk (22) 26 omganger opp.

Fell slik: 

1. omgang: *2 rett sammen, 12 rett, 2 vridd sammen* gjenta runden ut. 

2.omgang: Strikk 1 omgang uten å felle.

Gjenta 1.-2. omgang, men med 2 mindre rett mellom kvar felling. Gjer dette til det er 8 masker igjen på pinnane. Klipp av garnet og trekk tråden gjennom maskene og fest godt.

Tommel:

Trekk ut hjelpetråden og strikk opp 6 masker på hvar del, auk 2 masker på kvar side. Følg bilde 5-9 HER. Du skal no ha 16 masker på pinnane. 

Strikk (16) 18 omganger rundt. 

Fell av: strikk to og to masker sammen til du har 8 masker igjen, klipp av tråden og tre igjennom maskene. Fest godt. 

SAMSUNG CSC

Strikk den andre votten på samme måte, men strikk tommel over dei 6 siste maskene, ikkje dei 6 første. 

Eg tova vottane på 40 grader vanlig program (1 t 20 min) med litt vaskemiddel. Eg hadde og eit håndkle med inni maskinen når vottane tova. Tovinga kan variere frå maskin til maskin, så her må ein bare prøve seg fram.


Vottane måler:

Før toving: 40 x14cm.Tommelen er 10 cm. 

Etter toving: 34 x 12cm. Tommelen er 9 cm.

SAMSUNG CSC

Du kan finne oppskrifta i PDF-format HER. Det er gratisoppskrift fra Sandnesgarn.

 

#diy #heimelaga #hjemmelaget #gjørdetselv #gjerdetsjølv #byidarossland #tova #votter #mariusmønster #marius #sandnesgarn #oppskrift #herre #dame

11 kommentarer

Siste innlegg