Oppskrift: Heimelaga rødbetsalat

Heihei! Forrige veke fekk eg så lyst på rødbetsalat på knekkebrød, men eg synes egentlig rødbetsalaten du får kjøpt i butikken smakar litt for mykje majones og fett. Eg fant derfor ut at eg ville prøve å lage ein sunnare og bedre variant sjølv. Etter litt googling fant eg ei grei oppskrift her, men eg har gjort nåken endringar tilpassa innholdet i kjøleskapet vårt 🙂 

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 1 pakke ferske rødbeter. Ca 300-400 g ferdig skrelt. 
  • 1/2 gul løk. Du kan og bruke sjalottløk.
  • 1 grønt eple
  • 1 ss majones
  • 1,5 dl creme fraiche
  • Litt salt og pepper
  • Ein dæsj sitron etter smak

 

Kok rødbetane møre, i ca 20 min. Dette avhenger av størrelsen på rødbeten. Bland finkutta eple og løk med majones og creme fraiche. Smak til med salt og pepper. Ha gjerne i litt sitronsaft for syrlighet, dette smaker du deg til sjølv.  

SAMSUNG CSC

Salaten var nydelig på eit knekkebrød aleine, eller som topping på kyllingskinke, leverpostei, kvitost osv. Ein kan og bruke den som tilbehør til feks kylling eller svin til middag. 

Rødbete er rik på folsyre og inneholder massevis av antioksidanter, vitaminer og mineraler. Så her er det ingen grunn til å ikke teste oppskrifta!

SAMSUNG CSC

Eg oppbevarer rødbetsalaten i ein tett boks i kjøleskapet, men er ikkje sikker på kor lenge den kjem til å holde seg 🙂

#rødbetsalat #oppskriftrødbetsalat #hjemmelagetrødbetsalat #sunnmat 

#matinspirasjon #matblogg #frabloggerne #suntoggodt #lunsjinspirasjon #mat 

    12 kommentarer

    Siste innlegg