Oppskrift: Lime og kokkos-is!

I fjor var eg så lur å kjøpte meg isformer på ikea, så det kan vel være ein ide å ta dei i bruk no. Vegard elskar kokos, så eg tenkte eg skulle prøve å lage heimelaga kokosis. Dei blei nesten suksessfulle, men om ein ser svært nært på bildet så kan ein sjå at kokosmjelka har skilt seg. Så neste gang vil eg nok velge å ikkje bruke den tjukke delen av kokosen, og kun den tynne. Her kjem i alle fall oppskrifta:

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 1 dl vatn
  • 2 ss kokosmasse
  • 4 ss sukker (her kan du ha i meir, eller mindre, om du ønsker det)
  • 2 stk lime, revet skall + 0,5 dl presset saft
  • 4 dl kokosmelk

SAMSUNG CSC

Slik gjer du:

Kok opp vatn, kokosmasse og sukker til sukkeret smeltar. Avkjøl. Tilsett revet limeskall og pressa limejuice, og bland inn kokosmelka. Hell i ispinneformer og frys i eit par timar til isen er stivna.

SAMSUNG CSC

#is #hjemmelaget #heimelaga #kokos #lime #oppskrift #sommer #hjemmelagetis 

12 kommentarer

Siste innlegg