DIY: Liten blomsterkasse

Her kjem enda eit prosjekt eg hadde for meg i sommar då eg var heime. Søskenbarnet mitt gifta seg forrige helg, og dagen før vi reiste til USA kom eg jo på at eg måtte ordne bryllupspresang. Så eg satte meg ned å tegna mål, heiv meg i bilen og fekk starta på gaven. Siden brudeparet ikkje har like stor terrasse som mamma har, så valgte eg å lage ein litt nettare variant enn den eg har vist på bloggen tidligare. Denne kassen er litt øve 40 cm høg, og ca 35 cm brei.  På bildene har eg ikkje skrudd topplankane fast, så derfor ser det litt skeivt og halvferdig ut. 🙂 (Hadde rett og slett ikkje tid til å vente med å ta bilda, då sola forsvant ganske fort i frå meg;) ) Her finn du link til den store blomsterkassen.

Håpar nåken vil prøve seg på denne kassen og! Link gjerne til bloggen min 🙂

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 8 plank på 35 cm
  • 8 plank på 39cm
  • 2 plank på 37,5 cm, kutta i 45 grader
  • 2 plank på 42 cm, kutta i 45 grader
  • 4 lekter på 40 cm
  • Litt restemateriale til å holde bøtta oppe med. Sjå bilde 5. 
  • Ei 12 liters foringsbøtte. Kjøpes på Felleskjøpet eller på byggevarer. Det er litt meir hold i denne bøtta enn ei vanlig 10-liters.
  • Terrasseskruer
  • Drill
  • Kapp og gjærsag

 

Slik gjer du:

  • Kapp opp materialet du treng for å lage kassen. Plankane du skal ha på toppen kan du skjære til seinare. 
  • Skru på fire stk 35 cm plank på to og to lekter. Ein plank øverst og ein nederst, slik at du kan fordele dei to andre plankane og få like mellomrom mellom dei.
  • Skru deretter dei resterande plankane på lektene, slik at det blir ein kvadrat. Pass på at ikkje kassen blir skeiv når du skrur inn skruene.
  • Kutt bøtta litt i kantane slik at den får plass i kassen. 
  • Snu kassen opp ned og ta bøtta oppi. Slik ser du kor du skal skru inn resteplank som skal holde bøtta oppe fra bakken.
  • På toppen har eg kledd rundt med to plank på 37,5 cm og to plank på 42 cm som er kutta i 45 grader.

Her er ein liten bildeserie, kanskje forklaringa gir litt meir meining då 🙂

  • Kapp opp materialet du treng for å lage kassen. Plankane du skal ha på toppen kan du skjære til seinare. 

  • Skru på fire stk 35 cm plank på to og to lekter. Ein plank øverst og ein nederst, slik at du kan fordele dei to andre plankane og få like mellomrom mellom dei.

SAMSUNG CSC

  • Skru deretter dei resterande plankane på lektene, slik at det blir ein kvadrat. Pass på at ikkje kassen blir skeiv når du skrur inn skruene.

SAMSUNG CSC

  • Kutt bøtta litt i kantane slik at den får plass i kassen. 

  • Snu kassen opp ned og ta bøtta oppi. Slik ser du kor du skal skru inn resteplank som skal holde bøtta oppe fra bakken.

SAMSUNG CSC

  • På toppen har eg kledd rundt med to plank på 37,5 cm og to plank på 42 cm som er kutta i 45 grader.

SAMSUNG CSC

Tada! Resultatet er ein del annerledes enn den store blomsterkassen, men kvart til sitt bruk 🙂 Gler meg til å sjå kassen i bruk med blomar i! No treng den kun eit strøk beis eller maling.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

12 kommentarer

Siste innlegg