Coyote Ugly – dansing på baren

Forrige fredag hadde Vegard invitert kollegaene bort til oss for nåken øl. Vel, nåken øl blir fort litt fleire og plutselig hadde vi bestillt ein maxitaxi som kjørte oss til Destin. Heile taxituren på ca 15 min hadde vi allsang med Åge Aleksandersen og Klovner i Kamp! Turen gjekk bra fort, og taxisjåføren sa han var fornøyd med konserten han hadde fått 😉

Først gjekk vi på ein Irsk bar som heiter Mc Guire's. Vegard hadde hørt mykje bra om denne baren, og eg vil sei den levde opp til navnet og temaet sitt. I første etasje hang det enorme mengder med dollarseddelar i frå taket, og det heile var veldig gjennomført. Dette var ein skikkelig brun og fin bar.

Etter ein liten time på Mc Guire's trengte vi litt meir liv og gjekk øve veien bort til Coyote Ugly! Dei fleste jenter på min alder har vel sett filmen, og eg kan bekrefte at der var akuratt slik der var.

Dette var det første som møtte oss når vi kom inn døra. Her var det fritt fram for at alle som ville kunne ta seg ein tur opp på baren. 🙂 Forresten så er vi fortsatt litt usikker på kor ein del av Amerikanerane har hemningane/ sjølvinnsikten sin.. For ein del av påkledningen, eller mangel på påkledning, er virkelig uforståelig :-p

Desse guttane var heilt i hundre då dei meinte Mario var heilt lik ein kjendis dei kalla "Juan". Så då kjøpte dei drikke til oss og var heilt i ekstaste resten av kvelden!

Første kveld ute på byen var virkelig vellykka vil eg sei! Og i alle fall når samme taxisjåføren som kjørte oss til byn, kjørte oss heim igjen og. Eg tippe han blir den nye privatsjåføren vår her nede 😉

8 kommentarer

Siste innlegg